Hopp til innhold

Her sigler emiren inn Sognefjorden

«Wow!» Det var den spontane reaksjonen til Tore Leiren då han oppdaga det storfine besøket som gjesta Sognefjorden fredag kveld.

Luksusyachten Katara som tilhøyrer emiren av Qatar vitja fredag Sognefjorden

STORFINT BESØK: Det er slett ikkje kvar dag at luksusyacther på over 120 meter siglar forbi stoveglasa til folk langs Sognefjorden.

Foto: Tore Leiren

Og «wow» er det nok fleire som ville ha sagt, for luksusyachten som glidande inn Sognefjorden i går kveld er ingen kven som helst. Båten «Katara» høyrer til emiren av Qatar, skriv BT.no.

Fleire langs Vestlandskysten har gjort store auge når dei har sett den, og Tore Leiren i Leikanger seier det var eit storslått syn.

– Det er slett ikkje kvar dag ein ser slike båtar, nei, seier han til NRK.no.

Då han vart merksam på båten som kom forbi Leikanger i kveldinga fredag var han rask med å finne fram videokameraet.

– Eg fekk ikkje med meg noko særleg i forkant. Men det var eit helikopter som sirkulerte litt rundt båten og til slutt landa på dekk.

– Dei har nok hatt seg ein liten sightseeing i området, seier han.

Youtube kan du sjå videoen Tore Leiren filma av det storfine besøket på fjorden.

Første tanken hans var at det var nokon som hadde vunne store summar i Lotto eller Viking Lotto, men no veit han at yachten høyrer til emiren av Qatar. Kor vidt han er om bord eller ikkje, er usikkert.

– Blir ein litt oppøsen av slikt?

– Ja, litt. Det er ikkje dagleg kost dette.

– Blir ein litt misunneleg og?

– Alle blir vel det, ler han.

Med sine 124,4 meter skal yachten vere den 14. største i verda, skriv BT.no.