Hopp til innhold

«Dagmar» raserte badestrender

Ekstremvêret «Dagmar» sine herjingar natt til andre juledag er framleis godt synlege på Seljesanden.

Seljesanden juni 2012

HERJA: Sjøen vaska tok føre seg av denne skråningen, medan vinden la trea utover Seljesanden.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Uvanleg kraftig vind, høg vasstand og høge bølgjer gjorde store skader i romjula i fjor.

Framleis ber mange av badestrendene i fylket framleis preg av herjingane til orkanen.

– Det ser heilt forferdeleg ut. Dette er indrefileten av Selje sentrum. så her må vi få rydda opp att ganske så fort, seier Gunnar Silden, nestleiar i driftsutvalet i kommunen.

Verst i vest

Det var kommunane i vestre og nordvestre delar av Sogn og Fjordane som vart hardast råka, men også Møre og Romsdal og Trøndelag fekk smake orkanen «Dagmars» vrede.

Anita Hoddevik, leiar i kultur og næring) og Gunnar Silden (nestleiar i driftsutvalet) i Selje.

RYDDAR: Anita Hoddevik og Gunnar Silden.

Foto: Harald Kolseth / NRK

På Seljesanden herja vinden så kraftig at spora framleis viser godt att. All vegetasjon er heilt vaska vekk i eit kring 170 meter langt område.

Frivillige lag og organisasjonar har allereie rydda ein heil del.

– Det har vore mykje verre. Alle trea låg og hengde utover sanden. No har vi fått hogd ned trea. Før dugnadsgjengen tok til, så var sanden dekka av greiner, fiskar og tang og tare. No ser det veldig bra ut i høve til då, seier Anita Hoddevik, som er leiar i kultur og næringsseksjonen i kommunen.

Burde vore rydda

Med bade- og turistsesongen rett om hjørnet, vedgår både Hoddevik og Silden at stranda burde vore rydda.

– I første omgang har teknisk rydda vekk trea som låg her. Vi skal også legge litt skråningar så det ser penare ut, forsikrar Silden og fortel uavklarte eigarforhold og pengespørsmål har gjort at ryddearbeidet har drege ut i tid.

«Dagmar» skal vekk

– No har vi fått avklara at det er Opplysningsvesenets Fond som eig grunnen, men vi har ikkje fått svar frå dei. På eit møte bestemte vi oss for å berre ta laust på arbeidet, og så får vi sende rekninga dit den skal, seier Silden.

Hoddevik lovar at spora etter «Dagmar» skal fjernast, så stranda blir like bra att.

– Det er klart at Seljesanden og naustområdet ved kyrkja er smykket i Selje sentrum. Det er utruleg viktig å ha det reint, ryddig og innbydande, seier ho.

– Iskaldt

Sondre Åhjem, Julie Hovden og May Kristin Hoddevik.

BADAR: Sondre Åhjem, Julie Hovden og May Kristin Hoddevik.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Sjølv om stranda ikkje har vore like idyllisk som den plar vere så langt i år, har ungdomen i bygda allereie starta sin badesesong.

At temperaturen i sjøen er tre gradar kaldare i år enn normalen langs norskekysten, hindra ikkje Sondre Åhjem i å kaste seg i sjøen for andre gong for sesongen.

Og det i kald nordatrekk.

– Det var iskaldt, vedgår han.