Hopp til innhold

Her sett Andor (86) utfor i Harpefossen

NORDFJORDEID (NRK): Den spreke skikøyraren har ikkje tenkt å pensjonere seg frå bakken.

10 I STIL: – Då vi var unge sette vi berre utfor og så gjekk det som det gjekk. No er eg meir oppteken av stil, seier Smørdal.

– Eg tykkjer det er så kjekt å vere 86 år og få startnummer på brystet. Tenk at helsa er så bra.

Andor Smørdal står i skibakken på Harpefossen og nyt sola og utsikta. 86-åringen har stått på ski heile livet og konkurrerer framleis i slalåm.

Heile livet i bakken

Heilt frå han var liten har nordfjordingen arrangert skirenn og konkurransar i bakkane rundt garden der han vaks opp. Det var ikkje like lett før skitrekket kom.

– Då fanst ikkje slike fine slalåmstikker vi har vi dag. Vi måtte til skogs og hogge dei sjølv, og bere dei opp i bakken. Så trakka vi opp løypa og rente ned att.

Andor Smørdal tek ein pause i sola i skibakken.

SMØRBLID: Andor Smørdal tek ein pust i bakken i skiløypa.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

For ein som er vaksen opp med å trakke opp eigne løyper og bygge eigne hopp, er det stas å sjå korleis Hjelmelandsdalen ser ut i dag.

– Det er fabelaktig å sjå tilbake på for oss som har opplevd dalen frå barndomen av. Den gongen var vi ikkje vande med noko anna, og hadde det veldig kjekt. Men det har vore ei fantastisk utvikling!

Framleis plass på hylla

Heime hjå Smørdal står pokalane på rekke og rad. To lange hyller. 15 krinsmeisterskap i både slalåm og storslalåm.

– Eg liker å vere best, men det er det å vere med på konkurranse som er kjekkast, seier han.

Smørdal har kanskje vorte eldre sjølv, men konkurranseinstinktet er like friskt som då han var ungdom og rann om kapp med kameratane. Likevel prioriterer han annleis no enn han gjorde då.

– Eg køyrer forsiktig. Eg prøvar å halde på stilen, men tenkjer ikkje på klokka. Det er om å gjere å kome i mål uskadd. Det er det eg set pris på no.

Andor Smørdal på veg ned bakken i Harpefossen Skisenter.

GOD GLID: Han er glad for preparerte løyper, for i barndomen måtte han trakke dei opp sjølv.

Foto: Anders Martin Helle / NRK