Hopp til innhold

Her fann turistane det naturleg med ein lunsjpause

– Dei vart nok fascinerte av isblokkene som nyleg har kome ned. Men det er ei tikkande bombe.

Turistar ved Nigardsbreen.

LIVSFARE: Turistane gjekk heilt oppunder brefronten. Berre nokre få meter unna omkom eit tysk ektepar i 2014. – Med varmare temperatur og meir smelting, så blir det meir rørsle i breen. Då blir det også fleire isras og kalving i front, seier breførar Steinar Bruheim.

Foto: Sigurd Nordeide Felde

Det seier Sigurd Nordeide-Felde som fekk sjokk då han i dag såg fem, truleg utanlandske, turistar stå heilt oppunder fronten til Nigardsbreen i Luster.

Dei trassa både sperringar og skilta åtvaringar.

Sigurd Felde

ROPTE: Sigurd Nordeide-Felde våga ikkje sjølv å gå nærare turistane oppunder breen. – Det skal godt gjerast å gå forbi både sperringar og informasjon utan å forstå farepotensialet, seier han.

Foto: Sigurd Nordeide-Felde / Privat

– Eg kauka til dei på engelsk at dei måtte komme seg vekk. Tre av dei trekte seg vekk etter kvart, medan ein tykte tydelegvis at det var ein perfekt plass å nyte lunsjen sin. Han såg ikkje problemet i å sitje der, seier han.

– Ei tidsinnstilt bombe

Nordeide-Felde har over 20 år bak seg som fjellførar. Synet som møtte han på veg mot breen var eit kjent syn på flotte sommardagar. Frå kring 100 meter prøvde han å åtvare dei mot farane ved å stå under brefronten.

Fjellføraren trur dei turistane let seg lokke av ferske isblokker, som truleg nett har falle ned.

– Det seier seg sjølv at du utset deg for ei tidsinnstilt bombe når du går blant isblokker som nett har kome ned i brefronten. Det er der det er størst aktivitet og det blir lettare utløyst på varme sommardagar, seier han.

Fareskilt ved Nigardsbreen

FARESKILT: Nigardsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen i Luster. Breen er eit populært reisemål blant turistane.

Foto: Anne Rudsengen

Dødsulukke i 2014

Turistar som utfordrar skjebnen for det perfekte biletet av norsk natur er ei utfordring.

Turistane ved Nigardsbreen kjende nok ikkje til dødsulukka i 2014. Berre nokre få meter frå der følgjet stod, omkom eit tysk ektepar då breen kalva . To born på då åtte og ti år stod like ved .

Lensmann i Årdal, Magne Knudsen

LIKAR DÅRLEG: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, seier at ei kvar melding om turistar under breen minner han om rasulukka i 2014. – Det var heilt forferdeleg. Stakkars born, seier han og vil at folk respekterer sperringane rundt breen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I etterkant vart det sett opp nye og fleire skilt og tydelege kjettingar for åtvare turistane om faren ved å gå nærare breen. I tillegg vekslar no politiet og Statens naturoppsyn på å kontrollar ferdsla rundt breen.

– Slik framferd set ikkje berre turistane sjølve i fare, men også bergingsmannskap om noko skjer. Vi ynskjer alle vel heim. Både turistar og hjelpemannskap, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

– Kan sperre av området

Det var han som rykte ut til dødsulukka for tre år sidan.

– Sperringane er der for ein grunn. Bruk sunn fornuft og respekter sperringane, seier lensmannen.

Steinar Bruheim

HAR STOGGA: Steinar Bruheim har sjølv stogga turistar på veg inn til brefronten. – Vi har god kontroll på våre grupper, men vi opererer på andre sida av elva som kjem ut frå Nigardsbreen. Det er på publikumssida at ein del kryssar dei godt synlege sperringane, seier han.

Foto: Christian Blom / NRK

I Jostedalen breførarlag blir ikkje Steinar Bruheim overraska over at turistar nok ein gang går forbi sperringane. Han er likevel skaka.

– Det er diverre ikkje noko nytt at turistane trassar sperrekjettingar og åtvaringsskilt, og set seg sjølve i fare, seier han.

– Lite ein kan gjere

– Ein har sett opp sperring og skilt for å åtvare. Kva meir kan ein gjere?

– Ein kan sperre av heile området, men det er vel lite ynskjeleg.

Breen er del av Jostedalsbreen Nasjonalpark, noko som avgrensar kva fysiske inngrep ein kan gjere.

– Ein ferdast på eige ansvar i norsk natur, så det handlar om å informere på brei basis og nå ut til alle som ferdast i området, avsluttar han.