Hopp til innhold

Her set han ny nordisk rekord

 

NY NORDISK REKORD: I tredje og siste forsøk klarte Roger Navarsete å setje ny nordisk rekord i benkpress i vektklassen 93 kilo.

Då dommarlysa viste raudt etter første forsøket på ny nordisk rekord i benkpress vart Roger Navarsete sur. Minutt seinare kunne han hoppe opp på benken å juble.

22-åringen frå Sogndal reiser ikkje på konkurransar for å bli listefyll. Slik var det heller ikkje då han i helga deltok på NM i styrkeløft.

Før konkurransen hadde han sett seg som mål å setje ny norsk og nordisk rekord i benkpress for juniorar i vektklassen 93 kilo. Då gir ein seg ikkje når ting går buttar imot.

– Eg kjente på oppvarminga at eg hadde bra trykk i kroppen, så forma var på plass, seier han til NRK.no.

Har rekordar – vil ha fleire

Sogningen satsar for fullt på benkpress. Øvinga er velkjent for dei fleste, men langt frå alle kan skilte med den same styrken som Roger Navarsete. Til dagleg studerer han i Oslo, men fem gonger i veka er han på trening for å bli best.

Og det ser han ut til å klare bra. Seinast i slutten av september sette han ny norsk rekord i benkpress enkeltløft med 240 kilo. Dermed slo han sine tidlegare rekordar på 230 kilo frå same stemne, og 223 kilo og 221 kilo frå benkpress-NM i mars. I mai tok han ein femteplass under benkpress-VM.

Men det er fleire rekordar sogningen har sett seg ut. I benkpress kan ein setje rekord i såkalla benkpress enkeltløft, men også i benkpress treløft. Det siste er benkpress som blir gjort i eit styrkeløftstemne der løftaren også må ha gjeldande resultat i knebøy og markløft.

Kvar løftar får tre forsøk i kvar øving og etter å ha løfta 165 kilo i knebøy bad Navarsete om at stanga vart lasta med 235 kilo – ny norsk benkpressrekord i klasse 93 kilo.

– Det var vanskeleg å kome ned, men eg greidde det til slutt, seier Navarsete.

– Det var ikkje noko kjempeløft, men det var heilt greitt.

Fekk det ikkje til

Dei aller fleste som konkurrerer i benkpress bruker no ei såkalla benkskjorte. Det er ei stram skjorte i eit spesielt stoff som gjer at løftaren klarer få opp tyngre vekter enn utan. Men skal ein få til å løfte med ei slik skjorte må ein trene på det. Det har Navarsete gjort.

– Eg følte eg måtte ha på meir vekter for å kome skikkeleg ned, seier 22-åringen om det første løftet med 235 kilo på stanga.

Og det var nettopp det han gjorde. Han bad om ti kilo meir og vart ropt ut til 245 kilo i sitt andre forsøk. Med det forsøkte han seg på ny norsk og nordisk rekord.

– Det gjekk litt betre, eg fekk det opp. Men så vart det underkjent av to av tre dommarar. Dei meinte eg ikkje hadde retta ut armane godt nok, seier Navarsete.

– Eg vart litt småsur

Men når ein har sett seg eit mål gir ein seg ikkje så lett, fortel han vidare.

– Eg vart litt småsur då eg fekk det underkjent, så eg psyka meg litt opp og vart litt forbanna.

– Då fekk eg det skikkeleg til og fekk det godkjent.

– Korleis jublar ein då?

– Eg prøvde på noko nytt, så eg stilte meg oppå benken og jubla, flirer han.

For det å skrike har han gitt seg med. Tidlegare har han nemleg skrike så høgt at han nesten har mist stemma heilt.

Med 190 kilo i markløft enda han til slutt på ein sjette plass samanlagt i klasse 93 kilo. Han vart også den løftaren som fekk nest mest poeng i benkpress av alle juniorløftarane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Otto Hauge og Roger Navarsete

NØGDE: Per Otto Hauge (til venstre) debuterte på NM. Både han og Roger Navarsete kunne glise breitt etter konkurransen.

Fleire sterke sogningar på NM

Det var ikkje berre Roger Navarsete som var i form av sogningane som reiste til styrkeløft-NM for ungdom, junior og veteran denne helga.

Arild Kråkenes frå Jotun IL deltok i klasse 105 kilo yngre veteran, og sette like godt to nye norske rekordar i benkpress. Først med 235,5 kilo, og i løftet etterpå med 244 kilo. Kråkenes fekk ein femteplass i klassen.

Jan Åge Øy frå Jotun IL kunne reise heim med bronsemedalje i klasse 105 kilo for junior. Han vart ståande med resultata 270 kilo i knebøy, 220 i benkpress, 242,5 i markløft, som totalt gav 732,5 kilo.

Per Otto Hauge frå Sogndal IL debuterte under meisterskapen. Han løfta 245 kilo i knebøy, 192,5 i benkpress, 270 kilo i markløft. Det gav 707,5 kilo samanlagt i klasse 120+. Med ein solid personleg rekord kunne ungguten reiste heim att med ein fin 4. plass i klassen.

Satsar vidare

Med eit godkjent løft på 245 kilo kan Roger Navarsete no skryte av ny norsk og nordisk benkpressrekord i klasse 93 kilo. På eit halvt år han forbetra sin eigne personlege rekord med over 20 kilo. Det har ikkje kome gratis.

– Eg har hatt meir fokus på kosthald og lagt på meg ein kilo. Eg har fått trent jamt og trutt, og så har eg fått meg ei ny skjorte som har gjort susen, seier 22-åringen.

Men kor mykje kan ein mann i sin beste alder løfte med ei kroppsvekt på nokon og 90 kilo? Sjølv har han ikkje sett seg noko eksakt mål. Det einaste han veit er at han har eitt år att som junior, og at han ikkje har tenkt å kvile på laurbæra.

– Eg håpar det ikkje blir stopp med det første, gliser han.