Hopp til innhold

Her set bilføraren liv i fare med vanvitig forbikøyring

Med fare for eige og andre sine liv la føraren av personbilen seg imellom dei to vogntoga. Ein av sjåførane filma den dramatiske hendinga.

Bilførar sette livet til både seg sjølv og andre på spel på Hemsedalsfjellet.

VANVITIG FORBIKØYRING: Adam Krzyzanowski frå Olav Rogne AS på Voss filma forbikøyringa på Hemsedalsfjellet.

– Det er ubehageleg at folk ikkje tenker over at det er andre som skal heim til familiane sine, seier Ole Petter Havn i Flatabø transport etter den vanvitige forbikøyringa.

Havn var på veg ned riksveg 52 over Hemsedalsfjellet på ruta mellom Oslo og Førde.

Ole Petter Havn

STØKK: Ole Petter Havn tykte forbikøyringa i Lærdal var ei ubehageleg oppleving.

Foto: Privat

Rett før rundkøyringa ved Borlaug i Lærdal merka Havn bilisten som trykka bak semitraileren på 32 tonn.

– I nedoverbakke hadde eg ganske grei fart tykte eg. Heldigvis observerte eg i sidesynet og passa på bilen bak.

Brått skjer det, i eit svært uoversiktleg parti trykker bilisten på gassen og kjem opp på sida. I mot på veg oppover bakken kjem Adam Krzyzanowski frå Olav Rogne AS på Voss køyrande. Han har kamera i vogntoget og filmar den livsfarlege forbikøyringa.

– Det kom nokre stygge ord, seier Adam.

Hadde det ikkje vore for snarrådige yrkessjåførar kunne utfallet blitt tragisk.

Bremsa med all kraft

Begge yrkessjåførane handla raskt og bremsa med full kraft. Det berga truleg livet til bilisten.

– Bremsinga førte til at eg nesten spora av mot grøfta, seier Ole Petter Havn.

Havn ser slike situasjonar litt for ofte.

– Det er altfor mykje slikt. Når det nærmar seg helgar, feriar og høgtider. Mykje stygg trafikk og stygge forbikøyringar. Folk tenker ikkje på andre enn seg sjølv.

Også Adam Krzyzanowski har opplevd tilsvarande før:

– Hadde ikkje vi klart å stoppe tør eg ikkje tenke på kor gale det kunne gått.

Politiet vil følge opp saka

– Straff kan vere både bøter og fengsel, dette er i det minste grovt brot på Vegtrafikklova, seier lensmann i Sogn, Inger Lill Lanes.

Stadig fleire har kamera i bilen, og slike videosnuttar kan vere til hjelp for politiet, som vil følgje opp denne saka vidare.

– Slike bilførarar ynskjer vi å luke ut. Vi ser dessverre slike tilfelle altfor ofte. Nokon gonger går det bra, andre gonger veldig dårleg, seier Lanes.

Tidlegare denne månaden vekte denne stygge forbikøyringa på E16 stor merksemd.

Denne videoen ble fanget på E16 ved Vinje.

Bad om unnskyldning på ferja

Til alt overmål kom bilisten og Ole Petter Havn fram til akkurat same ferja over Sognefjorden mellom Fodnes og Mannheller.

Havn trur sjåføren til sjuande og sist var 30 sekund før han på ferjekaia, fleire mil etter forbikøyringa.

Tydelegvis hadde sjåføren sjølv innsett at han hadde gjort noko særs dumt.

– Han kom bort og bad om unnskyldning for køyringa si, seier Havn.

Det vart ei kort samtale.

– Hadde ikkje vi bremsa så fort som vi gjorde, hadde det blitt veldig trongt om plassen, for å seie det slik.