NRK Meny
Normal

Her ser familien VM-gullet ryke - med éin liten millimeter

HOLMENKOLLEN (NRK): – Hadde det no vore ein skikkeleg bom... Men når det berre er ein millimeter, då blir det endå meir fortredeleg, seier ein noko molefonken pappa Bø.

Mamma og pappa Bø ser her at VM-gullet ryk for sonen Johannes Thingnes Bø på siste skyting.

MILLIMETER: Det vart ikkje noko gulljubel for foreldra til Johannes Thingnes Bø. Her ser foreldra sonen bomme med ein liten millimeter på siste skyting. Foto: Rune Fossum

For sonen Johannes Thingnes Bø hadde verkeleg marginane imot seg under dagens 20 kilometer normaldistanse under VM i Holmenkollen.

På første skot på siste skyting kom den store nedturen for stryningen. Med berre éin liten millimeter bomma han.

– Det er kanskje bittert... Spesielt for han. Sjølv om ein fjerdeplass er bra, men det ser han ikkje, seier pappa Klemet Bø til NRK like etter skytinga.

– Var eg så nære?!

Mange hadde nemleg store forventningar til 22-åringen før dagens renn. Men med den hårfine bommen på siste skyting var gullkampen tapt, fire treff på dei resterande blinkane var til lita nytte.

– Nei, køddar du? Var eg så nære å bli verdsmeister på heimebane, sukka Johannes sjølv då han fekk sjå sisteskytinga hos NRK sine kommentatorar like etter målgang.

Eg har ikkje ord, det er kjedeleg, vedgjekk han.

Johannes Thingnes Bø får en bom og mister teten

– Fjerdeplass er bra

Også for foreldra, som har vore til stades på VM i Holmenkollen i fleire dagar, gjekk lufta litt ut av ballongen på tribunen.

Mamma Aslaug Thingnes Bø vedgår at ho er nervøs når ho følgjer med på Johannes og Tarjei.

– Eg trur det er mange som er meir nervøse enn eg. Eg trur ikkje eg får hjarteinfarkt av dette, seier ho til NRK.no like etter at sonen Johannes har gått i mål.

Ho må likevel vedgå at det i dag vart i overkant spennande.

– Fjerdeplass er på ein måte bra. Men det var veldig kjedeleg med den siste skytinga. Han kunne ha blitt verdsmeister, seier ho og er snar med å føye til:

– Men han har gjort eit ganske bra løp likevel.

Har framleis håp om medalje

Skiskyttermammaen trur sjølv at sonen kjem til å ta den sure fjerdeplassen relativt bra. Å vere fjerde best i verda er trass alt ikkje alle forunt.

Tarjei Bø enda på 22. plass etter tre bom på standplass. Foreldra har framleis håp om medaljar til sønene på stafetten og fellesstarten.

– Vi kan framleis håpe på ei individuell medalje på søndag. På fellesstart har dei gjort det bra før, iallfall Tarjei, seier mamma Bø.

Veslebror Gaute (18), Klemet Bø og Aslaug Thingnes Bø.

HEIAR i KOLLEN: Veslebror Gaute (18), Klemet Bø og Aslaug Thingnes Bø klare for å heie på Johannes og Tarjei før normaldistansen. Då håpte dei på medaljar.

Foto: Rune Fossum / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå