NRK Meny
Normal

Har gjenskapt gamle Høyanger sentrum

HØYANGER (NRK): To heile kvartal av Høyanger sentrum vart rive på 1970-talet. Takka vere ein grundig møbelsnikkar har gamle Høyanger no blitt modellby.

Den pensjonerte snikkarlæraren Arild Høyvik har gjenskapt det gamle, no rivne, sentrumet av Høyanger i miniatyr.

SJÅ TV-REPORTASJE: Arild Høyvik har lagt ned mange timar i modellbyen av gamle Høyanger.

– Eg har ikkje talt timar, men eg har kost meg med arbeidet, seier Arild Høyvik.

Den tidlegare snikkarlæraren tok til med modellbygging då han vart pensjonist. Han tok då fatt med å lage ein tru kopi av den gamle Murgården som låg på Sæbøtangen i Høyanger.

Sidan gjekk han laus på det gamle sentrumet, med blant andre Folkets hus og handelsgata. Det siste prosjektet vart ferdig akkurat til Høyangers 100 årsjubileum.

–Det var i grunn tilfeldig, men det passa jo godt, seier Høyvik.

Han har jobba metodisk for å få det så korrekt som mogleg. Ved å studere gamle bilete og planteikningar har han arbeid med å få detaljane så like som råd er.

–Skal ein lage ein modell, må det vere riktig. Det kan ikkje vere sånn cirka, seier møbelsnikkaren.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Astrid Olsen

GODE DETALJAR: Det er nett slik det var, seier Astrid Olsen.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Eg har lyst til å gå inn porten

Systrene Astrid Olsen og Unn Sissel Nordheim vaks opp i Murgården på Sæbøtangen. Dei fortel om ein god oppvekst i den gamle arbeidarbustaden. Det var mange familiar som budde der, så det var mykje liv og leik i Murgården.

–Det var ein fin plass å bu, vi hadde det veldig godt der, seier Astrid Olsen.

Dei likar å sjå barndomsheimen, som no ikkje lenger finst etter at den vart riven tidleg på syttitalet. Begge to hadde heile barndomen sin i Murgården før dei flytta heimanfrå.

–Det er slik at eg berre får lyst til å krype inn modellhuset, så fint er det, seier Unn Sissel Nordheim.

Dei er begge særs imponert over arbeidet til Høyvik og detaljrikdomen på husa. Det er akkurat slik vi minnest det, og det seier alle vi har møtt også, seier dei.

Bygningsmannen sjølv har også gode minner frå Murgården. Han hadde ei tante som budde der, og var der mykje. Det har nok også komme godt med i arbeidet med å rekonstruere det store bygget.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Astrid Olsen og Unn Sissel Nordheim

BARNDOM: Minna strøymer på når Unn Sissel Nordheim og Astrid Olsen ser kor ser kor dei vaks opp.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Vart ofra for den nye tida

– Murgården var i dårleg forfatning og det var trekkfullt. Vedlikehaldet hadde vore dårleg i åra før det vart rive i 1971, seier lokalhistorikar Jan Anders Timberlid.

Jan Anders Timberlid

RIVEIVER: Desse bygningane hadde nok ikkje blitt rive i dag, seier lokalhistorikar Jan Anders Timberlid.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

I dag kan ein spørje seg om bygga ville blitt freda. Om fasaden hadde fått leve vidare, mens ein kanskje hadde bygt om til tidsriktig standar innvendig, slik ein til dømes gjorde med Høyanger skule frå mellomkrigstida midt på 1990-talet.

– Men på syttitalet skulle alt vere så moderne, så slike gamle bygningar vart ikkje tatt vare på. Det var ikkje berre i Høyanger det var slik, seier Timberlid.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser