NRK Meny
Normal

Her seglar Svanhild i kjølvatnet til vikingane

Svanhild nærmar seg 130 år, men sprek som ho er orka ho framleis å ta turen til Shetland.

I pinsa har seglskutene Statsraad Lehmkuhl, Loyal og Svanhild vore på «vikingferd» og besøkt Lerwick på Shetland, ein årleg tradisjon.

11. mai la Svanhild frå kai i Florø, medan Statsraad Lehmkuhl og Loyal forlèt Bergen.

– Turen vestover var prega av flott seglas med kaldt vêr, seier Kristian Weihe, som var skipper på Svanhild.

Sjølv har han ikkje tilknyting til Florø, men fordi Svanhild vert driven på dugnad må dei nokre gonger hente inn vener frå andre båtar og stader.

– Vi var 20 personar om bord. Eg trur eg var den einaste som ikkje budde i eller hadde tilknyting til Florø, seier han.

Lang historie

Hardanger-jakta Svanhild er bygd i Stangvik i Surnadal i 1889. Seglskuta har ei lang historie som fraktefartøy på kysten, først for segl og seinare som reint motorfartøy fram til 1975. Då vart den restaurert tilbake til det originale.

I 1983 vart ho kjøpt av ein vennegjeng i Florø som gjennomførte jordomsegling frå 1985 til 1988. Seinare er skuta blitt antikvarisk restaurert i regi av Riksantikvaren og Hardanger Fartøyvernsenter. Ho er no eigd av Sogn og Fjordane Kystmusem og vert driven på dugnad av venneforeininga «Svanhilds Venner».

Wiehe fortel at mange unge nykonfirmerte gutar ofte hadde sitt første møte med sjømannslivet om bord på dei mindre skutene som Svanhild og Loyal.

– Deretter heldt dei gjerne fram si karriere på større skip, som på Statsraad Lehmkuhl sin storleik, seier han.

Framand, men likevel kjent

Skipa kom til Lerwick fredag og laurdag.

– Å komme dit som nordmann er som å komme heim til ein slektning i utlandet. Ting ser annleis ut, men folka er derimot av same støyping som oss. Det er eit havets folk som lever tett på natur og naturkrefter i ei moderne tid, seier Weihe.

Etter å ha fått sett seg om på øya gjekk turen etter kvart heim att. Søndag morgon sette Svanhild kursen mot Florø att, der dei la til kai måndag morgon.