Hopp til innhold

Her satsar dei tøft trass oljenedturen

FLORØ (NRK): Westcon i Florø investerer over 100 millionar i nytt kaianlegg medan andre strammar livreima. Dei har tilsett fleire medan andre seier opp mykje folk.

Det er vanskelege tider i oljebransjen, og mange selskap har kutta kraftig i bemanninga. Men det gjeld ikkje alle: Westcon i Florø har tilsett fleire - og investert over 100 millionar kroner.

– Det er viktig at nokon står opp, ser moglegheitene og satsar litt i motgangstider også, seier Ole Anders Smørdal.

Han er prosjektleiar for subsea ved Westcon i Florø, og saman med verftssjef Mikael Johansen viser han NRK.no rundt på verftet i kystbyen. Her satsar verksemda stort på subseastrukturar og ombygging og vedlikehald av skip.

Snart er dei også klare for å ta imot oljeriggar på det splitter nye kaianlegget.

– Vi held på å byggje ny kai på eit nytt område. Dette er ei investering i 100-millionarklassen. Vi håpar det skal styrkje oss i marknadssituasjonen, seier Johansen.

Verftsjef Mikael Johansen (t.v.) og prosjektleiar subsea, Ole Anders Smørdal

OFFENSIVE: Verftssjef Mikael Johansen (t.v.) og prosjektleiar Ole Anders Smørdal har som uttalt mål at verftet skal vere blant dei beste i bransjen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Riggar seg med tanke på betre tider i bransjen

Prisfall på nordsjøolje har ført til massiv nedbemanning i oljebransjen. Ifølgje DNB Market si oversikt over jobbkutt, har mellom 13.570 og 14.895 stillingar forsvunne sidan 2013 – mellom 8.900 og 9.400 av desse har komme i 2015.

– Vi merkar også trykket på at prisane skal ned og at det er kamp om oppdraga. Men vi har tru på det vi held på med, og vi veit at det alltid er plass til dei beste, seier Johansen.

Den siste tida har Westcon i Florø tilsett folk medan bransjen har opplevd masseoppseiingar. To nye ingeniørar, éin prosjektleiar, éin innkjøpar og fem lærlingar og traineear har komme inn dørene.

– Vi vil rigge oss for tidene som vi håpar skal bli betre. No har vi moglegheita til å trekkje til oss kompetanse som ønskjer å vere med på det vinnande laget vårt, seier verftssjefen.

Westcon byggjer ny kai til over 100 millionar i Florø

SATSAR: Trass nedgangstidene i bransjen, har Westcon i Florø valt å satse. Her ser vi det nye kaianlegget til over 100 millionar kroner under bygging.

Foto: Rune Fossum / NRK

Skal vere blant dei beste for å få arbeid

Johansen ser utover kaianlegget som skal vere ferdig i løpet av året. Verftet hans har 110 fast tilsette, men har jamt over 300 menneske i arbeid. På det meste har dei vore oppe i 700 arbeidarar dei siste åra. Alt kjem an på ordretilgangen.

Samstundes kan 250 arbeidsplassar i Flora forsvinne i løpet av året som følgje av at Statoil legg ned forsyningsaktiviteten. I tillegg vil skifte av operatør for røyrhandteringa truleg gjere at endå fleire mister jobbane sine.

– Klart det er tøft. Men ein kjem ingen veg med å setje seg ned og vente til det går over. Då er det for seint, seier Smørdal.

– Vi har tru på at det alltid er plass for dei beste verfta. Og viss vi syter for å vere blant dei beste, vil arbeid også komme til oss. Difor torer vi å tenkje lenger fram enn berre til denne hausten, seier Johansen.