NRK Meny
Normal

Her samla dei nær 900 turnarar til turnfest

Luftige svev og spagat er blant det som står på planen når årets høgdepunkt for mange turnarar går av stabelen denne helga.

Turn

DANSA I REGNET: Desse turnarane frå heile fylket lét seg ikkje stogge av regn, då dei framførte ein felles dans på Torget i Måløy.

Foto: EVA WESTVIK / NRK

Nær 900 turnarar lagar yrande liv i Måløy når turngruppa i Måløy Idrettslag er arrangør av årets Barneturnstemne i Sogn og Fjordane. Vêret ville ikkje spele på lag då borna tok turen ut i sentrum.

– Vi var uheldige med vêret, så ungane vart våte og kalde då vi gjekk gjennom gata, men det tok dei med eit smil, seier Torill Eide Tennebø, som er leiar for turngruppa i Måløy.

Turnarane lét seg likevel ikkje stogge av vêret som var både grått og vått, då dei viste fram ein innøvd dans på torget i Måløy.

– Då ungane dansa i lag var det eit utruleg flott syn. Tenk at vi fekk det til, seier Tennebø.

Etter ein føremiddag ute i typisk vestlandsvêr var det tid for det mange av turnarane gjerne hadde gleda seg mest til. Gruppe etter gruppe får sin tur på turnmattene i Nordfjordhallen på laurdag og sundag. Mange har øvd intenst den siste tida for å vise fram sine program.

Turn

LUFTIG: Eitt av mange luftige svev under stemnet i Vågsøy.

Foto: STIG SILDEN

Tunnelbrann råka stemnet

Etter brannen i Fjærlandstunnelen valde fleire foreldre å trekke ungane sine frå stemnet i Måløy på grunn av lang omkøyringsveg.

Turn

MYKJE LOGISTIKK: Torill Eide Tennebø meiner at god planlegging er viktig.

Foto: EVA WESTVIK / NRK

– To lag frå Sogn måtte trekke seg då reisetida auka veldig etter tunnelbrannen. Det var synd, men det ikkje så mykje vi kan gjere, seier Eide Tennebø.

Likevel er det meir enn nok av personar som skal haldast styr på. Logistikk er viktig når fleire hundre turnarar, trenarar og foreldre skal vere på riktig stad til riktig tid.

– God planlegging og god informasjonsflyt er det som gjeld. Folk stiller opp og ting glir godt. Det er veldig kjekt, avsluttar Eide Tennebø.

Turn

FLETTEFIN: Håret ligg fint før turnarane skal i aksjon.

Foto: STIG SILDEN
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.