Hopp til innhold

Her ryk fengselsbetjenten rett i kasjotten

– Eg trur eg skal halde meg på den sida av lova som eg er, humrar Terje Målsnes. Neste haust spelar han rolla som drapsmann i sesong 2 av NRK-programmet Nomino.

Terje Målsnes i rolla som drapsmann.

HEADHUNTA: – Eg er vel gjerne ein som ikkje har noko imot å vere i merksemda sitt ønskelys, spekulerer Terje Målsnes, som her blir boren ut av kyrkja, rundt kvifor han vart peika ut til rolla som drapsmann.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Det har vore nokre hektiske innspelingsdagar for skodespelarane og gjengen bak NRK-programmet Nomino.

Spesielt for fengselsbetjent Terje Målsnes. Som mellom nattevaktene spelte rolla som drapsmann.

– Eg hadde faktisk aldri høyrt om segna før Gøril fortalde meg om det. Det var heilt nytt, men ein flott måte å lære om det på. Det blir i alle fall vanskelegare å gløyme, seier Målsnes.

Neste haust

Heilt nytt for fengselsbetjenten var det også å spele rolla som kriminell. Utan at det gav noko meirsmak. Som han seier, han likar best å ha nøklane på seg når han går rundt i fengselet.

Rekonstruksjon av Kristidrapet i Vik.
Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

– Det var jo like før eg øydela heile stavkyrkja og måtte ringe riksantikvaren. Eine gongen eg skulle ut av kyrkja, så sklei eg litt ekstra og fekk meg ein god smell i hovudet.

Rekonstruksjonen av det grufulle drapet i Vik blir med når andre sesong av Nomino byrjar å rulle på norske TV-skjermar neste haust.

Nøgd programleiar

Og vikjene stilte velvillig opp for å rekonstruere segna for det norske folk. Tidlegare har produksjonen også vitja Minnesota og Helvete i same kommune.

Gøril Grov Sørdal nomino

VIL HA TIPS: Programleiar Gøril Grov Sørdal vil gjerne ha fleire tips om artige stadnamn. – Vi er på jakt etter stadnamn som det knyt seg ei god historie til. Både offisielt og uoffisielt, seier ho.

Foto: NRK

Dei vil også vitje både Berleporten i Bremanger og St. Helena i Florø.

– Eg er veldig nøgd. Vi var i Kristidalen i går og samla 25 vikjer til innspelinga i Hopperstad kyrkje i dag. Det var aldri noko problem å få nok folk og vi fekk både prest og fut. Kvinner og menn stilte på, strålar Sørdal etter at opptaka er unnagjort.

Vel overentusiastisk

Berre for å ha nemnt det. Rolla som Kristi vart spelt av søskenbarnet til Målsnes, Elin Turvoll. I tillegg til Terje, medverka også far Rune og bestefar Ingvald.

Tre generasjonar Målsnes: Ingvald, Rune og Terje.

TRE GENERASJONAR: Ingvald, Rune og Terje Målsnes medverka alle i rekonstruksjonen av Kristidrapet.

Foto: Privat

– Men det var artig å sjå korleis ting blir gjort. Og kor lang tid slikt tek. Det er berre ei tre-fire minuttar innslag, men det vart mykje gjentaking og nærbilete slik og slik, legg han til.

– Var det ei krevjande rolle?

– Vi hadde ikkje replikkar. Det gjekk mest i ansiktsuttrykk som måtte stemme. Eg fekk beskjed på eine tagninga då eg skulle ta «Kristi», at eg var litt for overentusiastisk.

– Litt skuffa

Kva episode som vil omhandle segna i Vik er uvisst. Men ein ting er sikkert, vikjene vil benke seg framfor TV-skjermen. Spesielt ein fengselsbetjent headhunta til rolla som drapsmann.

– Eg er veldig spent. Det er mest som eg er skuffa over at det ikkje blir sendt før godt ut på hausten neste år. Men det blir sikkert berre endå meir artig å sjå det då, seier han.

– Freistar det å skifte beite yrkesmessig?

– Eg veit ikkje om Hollywood følgjer så nøye med på Nomino i Norge, så eg vil ikkje halde pusten til det skjer.