NRK Meny
Normal

Her ryddar flyktningane stranda

– Vi vil vise at vi vil hjelpe og at vi ikkje kjem for å øydelegge landet, men for å vere med å gjere det betre, seier Muhammad Abdulghani (20).

rydding

FRIVILLIG: Vi vil vise nordmenn at vi ønskjer å gjere noko positivt, ikkje berre vere på mottaket, seier Muhammad Abdulghani (fremst i midten på bilete).

Foto: Jostein Vedvik

Saman med kring 15 andre asylsøkjarar i Førde, brukte Abdulghani laurdagen sin på å rydde stranda i Erdalen ved Førde.

Den siste månaden har dei alle jobba frivillig med å rydde og gjere det fint i Førde sentrum.

Vil jobbe

Muhammad Abdulghani kom som flyktning frå Syria til Norge for seks månader sidan. Medan han ventar på svar om han får opphald i Norge, er det lite han vil meir enn å jobbe.

– Eg elskar å vere med på dette. Dessutan vil vi vise at vi ønskjer å gjere noko frå for samfunnet. Gjere det betre på ein måte, seier 20-åringen.

Leiar for frivilligsentralen i Førde, Kari Valle, seier ho set stor pris på det arbeidet asylsøkjarane gjer.

– Det var mange på asylmottaket som hadde lyst å vere frivillige og drive med ryddearbeid i Førde, det er veldig kjekt å sjå.

Ho oppretta difor eit i samarbeid mellom Førde kommune, Teknisk etat, og asylsøkjarane som ønskja å jobbe frivillig.

Strandrydding

SAMARBEID: Kring 15 asylsøkjarar stilte opp og rydda stranda i Erdalen saman med Naturvernforbundet.

Foto: Jostein Vedvik

– Set pris på arbeidet

Då fylkessekretær i Naturvernforbundet, Marit Bendz, høyrde om arbeidet til asylsøkjarane, bestemte ho seg for å spørje om dei ville samarbeide.

– 7. mai er den store strandryddedagen i landet. Vi spurte difor om kunne tenkje seg å rydde stranda saman med oss, seier Bendz.

Naturvernforbundet sitt initiativ var enkelt og greitt for å vise støtte til asylsøkjarane, fortel Bendz.

– Vi set stor pris på flyktningane som gjer dette. Difor ville vi gjere det saman med dei.

For Abdulghani har det frivillige arbeidet også vore ein måte å bli kjend med nordmenn på.

– Eg har fått nye vener og blitt kjend med mange eg elles ikkje ville blitt kjend med. Det er veldig kjekt.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser