Hopp til innhold

Her røystar Hanne Kristin (18) for første gong

FLORØ (NRK): Det var ei høgtidsstund då Hanne Kristin Vik (18) kunne sleppe røystesetelen i urna for første gong. No kjenner ho seg som vaksen.

Skuleval på Flora vidaregåande skule.

STOLT: Hanne Kristin Vik kunne for første gong i sitt liv røyste ved eit ordentleg val. I dag røysta ho både ved skulevalet og det ordinære kommunevalet.

Som ein av over 600.000 andre veljarar nytta ho seg i dag av retten ho har til å førehandsrøyste.

På Flora vidaregåande skule gjekk ho rett frå å røyste i skulevalet til å røyste i det ekte kommunevalet.

– Dette har eg sett fram til sidan eg var ganske liten. Bli vaksen og få lov til å røyste. No føler eg at eg er ein del av samfunnet og at eg no faktisk har noko eg skulle sagt, seier den unge førstegongsveljaren.

Onsdag kveld blei det klart at Arbeidarpartiet blei det største partiet i skulevalet i Noreg med 26,6 prosent, medan både MDG og Venstre fekk over 10 prosent av røystene. For Høgre og Frp er det ein klar nedgang.

Valdeltakinga blant unge har gått ned dei siste 40 åra, og blant dei yngste er det om lag halvparten som brukar røysteretten sin. Men for Hanne Kristin Vik var det ingen tvil, ho ville røyste.

– Eg har jo ikkje gjort skikkeleg stemming før. No kan eg også vere med på å røyste på den nye kommunen og på fylket.

Skulevalet, som ho også røysta i, har ingen praktisk betydning for norsk politikk. Men valet gir ein peikepinn på kvar røystene til dei unge hamnar. På hennar skule gjorde Arbeidarpartiet eit brakval med heile 45,7 prosent av røystene, neste parti var Høgre med 11,1 prosent.

Kva parti som fekk Hanne Kristin sine røyster i skuleval og kommuneval vitast ikkje, men det var ei stolt jente NRK snakka med.

– Det er no eg kjenner at eg røystar for det som skal skje i fylket mitt, seier Vik.

Sjå NRK si sending om resultatet i skulevalet i Noreg.