NRK Meny
Normal

Her regjerer framleis Kong Vinter

SOGNDAL (NRK): I låglandet kvitrar fuglane og blomane blomstrar, men på Selseng i Sogndalsdalen er det framleis eit stykke igjen til våren bankar på døra.

Jan Ove Selseng

EIN METER OG TI CENTIMETER: For Jan Ove Selseng er våren langt unna.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– Det er vel om lag ein meter og ti med snø, so litt tid tar det nok før det er bart her, seier bonde Jan Ove Selseng.

Det er ikkje berre han som ventar på at våren skal syne seg. Frå fjøset kjem den særmerkte lyden mekring.

– Geitene er nok utolmodige dei òg, humrar Selseng.

Trur sommaren kjem i år òg

Sjølv tek geitebonden dei store snømengdene med fatning.

– Eg er jo klar over kvar eg bur. Sjølv om det er svært mykje snø i år, so minnast eg vintrane i 1993 og 1994. Om det ikkje var meir då, var det i alle fall like mykje. Sommaren kom den gongen, so då kjem han nok i år òg, seier han.

Korleis er det med våren der du bur? Blomstrar det i bedda, eller ligg snøen tjukt over plenen? Send oss dine bilete av kontrastfylket Sogn og Fjordane.

Kontrastfylket Sogn og Fjordane

STORE KONTRASTAR: Våren kjem ikkje på same tid her i fylket. Korleis er det hos deg?

Foto: Fotomontasje: maosdal/ingerfarevik/Bård Holmen Solvik (NRK)

Utfordrande vinter

Men det er ikkje slik at snøen ikkje har vore ei utfordring i år, vedgår Jan Ove Selseng.

– Det kom mykje og tungt ein periode, og det var ei stund fare for taket på driftsbygningen. Den fekk me heldigvis redda i tide, men verandaen klarte me ikkje å redda, den må me reparera til sommaren.

Jan Ove Selseng driv òg med brøyting på vinteren. Det har vore hektisk i periodar.

– Det gjekk eit stort ras her i slutten av januar. Det gjekk hardt ut over riksvegen og enda opp på bøen min. Dette var medan det lava ned so mest, so då vart det seine dagar med opprydding på riksvegen og måking av tak heime, seier han.

Mislukka molding

I eit forsøk på å få fortgang på snøsmeltinga sprøyta Jan Ove Selseng på med svart kalk, ein prosess som vert kalla "molding" på folkemunne. Uheldigvis trefte han ikkje heilt med tidspunktet.

– Det kom rundt 25 centimeter med snø allereie to dagar etter at me molda. Det gjekk halvanna veke før det var nede att på det svarte, so den store effekten har uteblitt, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.