Hopp til innhold

Her reddar dei båtane frå plankedøden

Tysdag ettermiddag vart det børsta støv av to gamle båtar frå 30- og 50-talet i Vågsøy. Det var knytt stor spenning til om dei ville flyte.

Torskangerpollen

UT I FRIDOMMEN: Denne notegavlen frå 30-talet, eller tidlegare, skal no på museum. Arthur Jensen i Fiskerimuseet i Måløy, Per Torskangerpoll og Karl 'Kallen' Holvik, var blant dei som var med på redningsaksjonen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Målet var å flytte båtane frå ei gamal sjøbu i Torskangerpollen i Vågsøy til fiskerimuseet Måløy.

– Desse skal inn på fiskeri- og opplevingssenteret som vi jobbar hardt for å få til inne på ei gamal fiskebu i Måløy, det som var Kvaløy og co. tidlegare. Det er ei bod med rikeleg fiskerihistorier både av reieriverksemd og all slags fiskemottak og styr og stell.

Det seier Arthur Jensen i Fiskerimuseet.

Kan vere over 85 år

Tysdag var ein gjeng med karar i gang med å flytte ut dei to båtane, som har stått i sjøbua i Torskangerpollen i fleire tiår. Ein av dei er frå 50-talet, men den andre, ein notegavl, er frå 30-talet, om ikkje endå eldre.

– Den kan vere eldre, for det er folk over 50 år som ikkje kan hugse anna enn at den har stått her i bua, seier Jensen.

Han var svært spent på om båten ville flyte.

– Båten er i veldig god forfatning, ikkje sprekkar eller noko, så det skal bli veldig spennande å sjå når vi får den på sjøen kor tett den er.

Kom seg trygt på sjøen

Båten frå 50-talet kom først ut på, og dei kunne fort konstatere at den var tett.

– Det er ein lettbåt som dei brukte som ein basbåt, sjefen for notelaget. Det var den som styre i den tida. Det har vore eit ekkolodd i den båten også, fortel Jensen.

Også båten frå 30-talet viste seg å flyte, og dermed kunne turen til Måløy starte, der dei venta å ha båtane på land tysdag ettermiddag.

Høyr meir om dei spennande funna i sjøbua i lydklippa ovanfor.

Torskangerpollen

PÅ VEG UT: Her er karane i ferd med å få den eldste båten ut av sjøbua i Torskangerpollen.

Foto: Harald Kolseth / NRK