Hopp til innhold

Her rappellerer ordføraren ned rådhuset

I valkampen vil dei bryne seg på kvarandre, i dag var det eigne grenser ordførarkandidatane i Lærdal fekk testa.

Solheim rappellerer
Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Hendinga fann stad på Lærdalsmarknaden i dag. Alle ordførarkandidatane hadde blitt utfordra til å rappellere ned taket på rådhuset. Og alle var sporty nok til å stille opp.

Blant dei ordførar Jan Geir Solheim.

– Rådhuset er høgare enn du skulle tru når du står nede på bakken, seier han.

Les også: Slik har du neppe sett ordførarane før...
Les også: Ordførarar må stille opp på spontane utfordringar av alle slag - kvar går grensa?

– Går mot spanande val

I tur og orden slapp Kåre Mentz Lysne (Ap), Frode Myklebust (V), og Anniken Vanberg (SV), ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og Trond Øyen Einemo (H) seg utfor kanten.

– Eg såg at nokre av dei var skjelvne i knea når dei stod på toppen. Då fekk eg litt dårleg samvit for at vi hadde kome på dette her, seier Helene Maristuen, som er med i marknadsnemnda.

– Etter det du har sett, er det nokon som har auka sjansane ved neste val?

– Eg trur dei har auka sjansane alle saman. Dei var sporty alle saman, så her blir det eit spanande val, seier Maristuen.

Fekk utfordra høgdeskrekken

Ordførar Jan Geir Solheim var ein av dei som var litt ekstra sveitt i nevane på toppen. Etter eige utsegn er han er fødd med høgdeskrekk. Rappellering hadde han heller aldri prøvd før.

– Eg var aldri i tvil om eg skulle gjere det. Men det var ei god oppleving når eg var ferdig, seier han.

Ordføraren rosar dei andre kandidatane til ordførarposten, som alle takka ja til utfordringa.

– Det var ei ekstrem kjensle, akkurat når du vippa utover kanten, seier Solheim.