Hopp til innhold

Her rappellerer funksjonshemma Osman for første gong

Funksjonshemma ungdomar frå heile verda er samla på nyskipa sommarleire i Flekke.

osman

- FANTASTISK: – Det er ei fantastisk kjensle. Eg får så mykje adrenalin Osman etter at han har prøvd å rappellere på camp Fjalir.

Foto: Åsta Urdal

– Det er ei fantastisk kjensle. Eg får så mykje adrenalin, seier Osman, før han rappellerer ned klatreveggen på Camp Fjalir i Flekke.

Då han høyrde om den nyskipa sommarleiren var han ikkje i tvil om at han skulle reise.

Frå heile verda

omns

TØFF: Mean Pring frå Kambodia rappellerer for første gongmed fotprotese på Camp Fjalir.

Foto: Åsta Urdal

I tillegg til han, er det 15 ungdommar frå sju ulike land som skal tilbringe to veker i Flekke på sommarleiren. Leiren blir arrangert av den frivillig organisasjonen LIONS Norge, og ungdomane får dekka både opphald og reise av organisasjonen.

Ungdomane på leiren har alle ulike bakgrunnar og kjem frå ulike kulturar, men dei har éin ting til felles; Alle har ei funksjonshemming.

– Eg elskar å treffe nye menneske, særskilt frå andre kulturar. Og vi har jo alle ei funksjonshemming, seier Osman.

Hans er Polio, ein infeksjon i nervesystemet som han har fått i høgre bein. Sjukdomen fekk han då han var kring to år gamal, og gjer at han har nedsett funksjon i beinet.

– Viktig å bli utfordra

Ansvarleg for leiren, Francie Lerche seier det er viktig å bli utfordra, sjølv om ein har ei fysisk funksjonshemming.

– Det er mange av ungdomane her som aldri før har prøvd å gjere slike ting før. Vi har mellom anna padla kajakk, då var det fleire av ungdomane som gjekk rundt, men dei tok det alle med godt humør.

– Her blir dei utfordra på si eiga styrke og mot. Det er viktig, seier Lerche.

Etter planen skal den nyskipa sommarleiren vere eit årleg arrangement.

–– Det er mykje her som er heilt nytt for meg. Det var heilt utruleg kjekt å få prøve å rappellere, seier Osman.