NRK Meny
Normal

Her raknar det for Sogndal

DRAMMEN (NRK): Eirik Bakke sat som ein stolt hane på bortelagsbenken. Han naut synet av at laget hans pressa heimesterke Strømsgodset. Så falt alt i grus.

rødt

SYNDEBUKKEN: Her får Babacar Sarr sitt andre gule kort, og dermed raude kort og må gå av bana. På dette tidspunktet leia Sogndal 1–0.

Foto: Larsen, HÂkon Mosvold, Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

STRØMSGODSET - SOGNDAL 2-1 (0-0): – Eg veit ikkje var eg skal begynne. Eg er utruleg stolt over jobben gutane gjer. Det var ein veldig god prestasjon. Å ikkje sitje att med noko i dag, det er tungt. Hadde vi hatt 11 mann på bana, så hadde vi vunne denne kampen, seier ein svært skuffa Eirik Bakke.

Solid start

Etter nokre famlande første minutt, festa Bakke sine menn raskt grep om kampen på Marienlyst i Drammen. Dei første 50–60 minuttane av kampen nøytraliserte Sogndal Strømsgodset totalt.

Eirik Bakke

TOMHENDT: Eirik Bakke såg laget sitt ha tre poeng i lomma, men tek bussen vestover utan eitt einaste i bagasjen. Arkivfoto

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Etter knappe halvtimens spel fekk Sogndal eit mål annullert. Ole Amund Sveen tok ned eit innlegg frå kaptein Rune Bolseth og skaut via Martin Ramsland og i mål, men dommaren hadde allereie blåst frispark til Strømsgodset.

Like etter pause fekk Bjørn Inge Utvik full utteljing og sende gjestene i leiinga. Og stemninga vart ikkje dårlegare på bortebenken då Strømsgodset kort tid etter brende ei straffe.

Når Babacar Sarr fekk sitt andre gule kort og marsjordre etter 60 minutt, var dansen over for Sogndal.

Bakke: – Det eine gule var billeg

– Vi har full kontroll, scorar eit mål og går i strupen på dei. Vi torer å stå høgt og er offensive i hovudet. Til tider er vi også gode med ball, og vi får eit feilaktig annullert mål i første omgang. Alt gjekk i mot oss i dag. I dag var dagen vi ikkje skulle vinne, sukkar Bakke.

– Ein blir litt mållaus etter slike kampar. Ein gjer ein så god prestasjon, og så går alle situasjonar mot oss, med dømming og all ting. Alt er stong ut i dag.

Særleg Babacar Sarr sitt første gule kort forargar Sogndal-trenaren.

– Eg trykkjer at det er ei god takling, men dei har vel fått beskjed om at dei skal gi gule kort tidleg i sesongen. Ikkje veit eg, men eg meiner det er billeg. Det andre gule er det ikkje noko å seie på.

Vonbrot og glede

Sogndal-kaptein Rune Bolseth såg ut som ein slagen mann, då glopparen møtte pressa.

– Kva eg sit att med? Null poeng. Det er vanvitig kjipt. Eg synest vi er gode i første omgang, vi får scoring like etter pause og reddar ei straffe. Ting såg veldig bra ut. Så kjem situasjonen med utvisinga som sjølvsagt pregar resten av kampen.

Den som derimot vart kampens store profil, var Marcus Pedersen. Han kom sin innbytar etter to månader med skade, og scora begge måla for Strømsgodset.

– Det er godt å vere tilbake og få tre poeng. Det er viktig at vi får det heime mot Sogndal. Det er herleg å komme inn og score, seier han til NRK etter kampen.

Pedersen

HELTEN: Marcus Pedersen kom inn og scora begge måla for Strømsgodset.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Har tatt eit steg

Ein lett mistruisk Eirik Bakke freistar å forsone seg med poenga som glapp.

– I dag var det vanskeleg å vinne fotballkampen. Eg trur ikkje vi hadde vunne den uansett. Alt gjekk i mot oss. Men slik er det for små lag i eliteserien. Men held vi fram slik, blir det vanskeleg å slå oss.

Trass det sure tapet, er det mykje Bakke tek med seg heim som positive minner frå kampen.

Vi har tatt eit steg vidare. At vi torer å angripe Godset på Marienlyst og klart er det beste laget, det må vi ta med oss.

Sogndal fall ein plass ned, til niandeplass på tabellen og blir ståande med sju poeng etter oppgjeret mot Strømsgodset.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..