Hopp til innhold

Her oppe står geitene fast - sjå video av redningsforsøket

Høgt over fjorden har dei to geitene stått fast i fleire veker. Geitebonden i Undredal gir ikkje opp håpet om å få dei ned, og henta denne veka inn litt spesielle redningsmenn.

Med hjelp frå elevar frå Sogndal folkehøgskule prøvar bondeson David Underdal å redde ned to skårfaste geiter høgt over Sognefjorden.

STÅR SKÅRFASTE: Dei to geitene har stått skårfaste i tre veker høgt over Sognefjorden i Undredal i Aurland kommune. Foto: Stig Indrebø. Reporter Tale Hauso.

– No skal vi bort på andre sida av fjorden og opp i fjellet. Der skal vi rappellere oss ned til geitene, feste dei, og så heise dei opp.

Slik forklarar Martin Galåsen og Johannes Knutsen Breivik korleis dei skal hjelpe til å få ned dei skårfaste geitene.

Saman med lærar Hendrik Lapp har dei to elevane ved Sogndal folkehøgskule teke på seg eit litt uvanleg klatreoppdrag.

– Det blir vanskeleg, vedgår dei.

Håpar å få dyra velberga heim

I over tre veker har geitene sete fast på fjellhylla nesten rett over fjorden frå Undredal i Aurland kommune. Fleire gonger er det gjort forsøk på å få dei ned, men til no har ingenting lukkast.

Bondeson David Underdal seier det er viktig for familien å prøve i det lengste å få dyra ned i live.

– Vi håpar dei kan bli ein del av flokken igjen. Men det er slik det er å ha dyr i vill natur, ein kan ikkje låse deg inn heller. Dei må få gå fritt, seier Underdal til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geiter står skårfaste høgt over Sognefjorden

TRE VEKER: I vel tre veker har geitene stått skårfaste på fjellhylla.

Foto: David Underdal

Får hjelp av klatrarar

No har han fått hjelp av elevar ved Sogndal folkehøgskule. Galåsen og Breivik er elevar ved linja for ski og klatring, og saman med lærar og tindevegleiar Hendrik Lapp skal dei ta seg opp i fjellet.

Frå 300 høgdemeter skal dei rappellere seg i vanskeleg terreng ned til geitene. Høgt over Sognefjorden heng dei, medan Underdal gjer det han kan for å guide dei frå båten på fjorden.

– De er rett over dei no, ropar han inn i walkietalkien.

Måtte gje opp, men vil forsøke igjen

Men etter fleire timar med forsøk på å heise opp geitene må dei gje seg. Det blir for vanskeleg. Klatrarane greidde få tak i geitene og hekte dei fast, men dei måtte gje seg på å heise dei opp.

– Hadde dei skulle drege geitene rett opp hadde det kanskje gått. Men med ei geit som spring hit så blir det litt farleg, seier bondesonen.

Planen er no å forsøke igjen på søndag, men alt er avhengig av vêret. Geitene har fått frakta opp til høy, så dei skal ha mat. Men når vinteren no allereie er komen kan ein ikkje forsøke i evig tid.

– I verste fall må ein skyte dei. Men det må vere siste utveg. Det er likevel livets gang, og det er betre enn at dei står der og svelt i hel, seier Underdal.