Hopp til innhold

Fann strategibord frå krigen i Skottland

Rundt strategibordet planla britane i detalj korleis dei skulle sette tyskarane ut av spel i det som vart kjent som Måløyraidet. No er modellen spora opp – i Skottland.

Planleggjer Måløyraidet

PLANLEGGER: Biletet viser Lord Louis Francis Albert Victor Nicholas Mountbatten ved strategibordet i diskusjon om korleis angripe Moldøen og festningsverka.

Foto: Privat

Krigshistorie interesserer mange, og kanskje spesielt i Måløy der krigshistoria for alvor spelte seg ut gjennom Måløyraidet.

Eldsjeler jobbar no iherdig for å stable på beina eit krigshistorisk senter, og spora nyleg opp noko som kan bli eit aldri så lite skup.

Terje Sølvberg

ENTUSIAST: Terje Sølvberg har jobba iherdig for å realisere draumen om eit Måløyraidsenter.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Vi har i mange år vore på leit etter modellen for planen av Måløyraidet. No har vi funne den i Skottland og får vise den fram i eit eventuelt Måløyraidsenter, seier Terje Sølvberg.

Fann gipsmodellen

Raidet var eit åtak mot det okkuperte Norge og fekk det engelske kodenamnet «Operation Archery». Romjula 1941 gjekk ein styrke på 576 mann til åtak på fabrikkar, lagerbygg, skip og tyske forlegningar i målområdet.

Åtaket overtydde Adolf Hitler om at store styrkar måtte til for å halde Norge. Sølvberg er nøgd med at dei no har spora opp gipsmodellen som vart nytta i strategilegginga.

– Alt som blir stilt ut og vist fram må dokumenterast. I den samband hadde vi eit stort ynskje om å spore opp gipsmodellen som var laga for heile distriktet, med Vågsfjorden, Måløy hamn og Moldøen, seier han.

– Har rett målestokk

– Den er sett saman av fire klossar, eller modellar, som dei nytta til å planleggje Måløyraidet. Den er i rett målestokk og dei fekk opplysningane frå motstandsfolk som var her i distriktet for å få dei viktige angrepspunkta, held Sølvberg fram og nemner både sildeoljefabrikken og den tyske radiostasjonen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Eit stykke dramatisk krigshistorie e bevart i Måløy. Eldsjeler har i mange år samla dokumentasjon til eit senter om Måløyraidet. Men dei manglar pengar til å stille ut det unike materialet.

SJÅ TV-SAKA: Vil stable på beina eitt krigshistorisk senter i Måløy.

– Dei var ute etter å øydeleggje det og sprenge det så tyskarane ikkje skulle kunne bruke det, seier Sølvberg.

96 skadde bygningar

Og raidet var vellukka, sjølv om Måløy vart påført store skader under angrepet. Ni skip i tysk fart vart senka og ei rekkje tyske militæranlegg vart øydelagde. Det same vart sildeolje- og hermetikkfabrikken.

  • LES OGSÅ:

I alt vart 96 bygningar skadde, over 20 vart heilt nedbrende. Entusiastane i Måløy er nøgde med å ha spora opp eit autentisk krigsobjekt som fekk så stor betydning.

– Fundamentet i alt som har med krigshistorie når ein skal lage til eit senter, er å vere så nær det autentiske som mogleg, seier Sølvberg.

Krigshistorisk kveld

Torsdag kveld skipar også entusiastane til krigshistorisk kveld med mellom anna krigsveteran og forfattar Ragnar Ulstein i administrasjonsbygget til Domstein.

– Han har mykje kunnskap om det han var med på og vil snakke om. Han er 93 år, men «still going strong». Eg trur vi får ei fin og flott framføring, seier Sølvberg og trur kvelden kan vere av interesse for mange.

– Vi har ei felles historie, og spesielt langs vestlandskysten skjedde det mykje krigshistorie i form av militæraksjonar og blant folk flest, avsluttar han.