NRK Meny
Normal

Her øver naudetatane på blodig alvor

SKEI (NRK): Det stod kanskje ikkje om liv og død denne dagen, men vissa om at det ein dag kan gjere det, gjer den felles øvinga svært viktig for naudetatane.

Gå til forsiden

Øver på å berge liv

Naudetatane har øving på Skei

Øver på å berge liv

10 bilder

    Ein mann med skytevåpen går laust på Skei hotell. Politiet får melding om at fleire personar er drepne, mange er skadde. Naudetatane må gripe inn, og dei må gjere det i tett samarbeid.

    Rundt 50 tilsette i politiet, helse- og brannvesen har vore på Skei i dag for å øve på samarbeid i akutte situasjonar som dette.

    – Vi ser på korleis vi på ein god, effektiv og sikker måte kan samhandle under akutte hendingar som inneber vald, seier Marius Hatle, instruktør ved Fellesoperativ eining i Florø.

    Heldt korta tett til brystet

    Marius Hatle, politiførstebetjent

    STYRER: Politiførstebetjent Marius Hatle er ein av dei som har vore på Politihøgskolen i Stavern for opplæring, for så å utdanne vidare.

    Foto: May-Helsen Rolfsnes / NRK

    Den nye prosedyren for situasjonar med pågåande livstrugande vald, også kalla PLIVO, effektiviserer måten å samarbeide med brann og helse, for å raskt få kontroll på ein situasjon og hjelpe dei som treng det, fortel Hatle.

    – Kvifor er dette aktuelt no?

    – Dette har vore aktuelt lenge. Men systematiseringa kjem som følgje av 22. juli og skuleskytingar i Norden og så er det sett på om vi samarbeider på ein god måte.

    Alle naudetatane var samla til ein felles teoridel, før dei gjekk i gang med dei praktiske øvingane i ulike scenario, som vart heldt hemmelege før det starta for å gjere situasjonane mest mogleg verkelege.

    Dei som no blir utdanna skal lære det vidare i sine område. Innan 1. juni skal alle i alle dei tre naudetatane ha fått opplæring.

    Naudetatane har øving på Skei

    KLAR TIL Å GRIPE INN: Politiet øver på korleis dei på ein mest mogleg trygg og effektiv måte skal avvæpne gjerningsmenn, for at helsepersonell og brannvesen raskt skal kunne komme til og hjelpe skadde.

    Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

    Når politiet ikkje er der ...

    Andre naudetatar enn politiet kan vere først til ei hending, og trippeldrapet på Valdresekspressen er eit døme på dette. Dette var også ein del av øvinga;

    Ein knivdesperado er på ferde. Ambulansepersonell og brannvesen er på staden, men ikkje politiet. Det er ikkje tid til å vente. Dei må kanskje sjølv ta hand om gjerningsmannen for å komme til dei skadde, om det ikkje er for farleg.

    – Det er situasjonsbunde kva dei kan gjere. I nokre situasjonar vil det vere slik at dei kan til dømes gje førstehjelp til nokre eller alle på staden, seier Hatle.

    – Veldig positivt

    Bjørn Atle Berge, Førde brannvesen

    POSITIV: Bjørn Berge i Førde brannvesen er ein av instruktørane.

    Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

    Ein av dei som har fått opplæring i den nye framgangsmåten, og som skal lære det vidare, er Bjørn Berge, leiar beredskap i Førde brannvesen.

    – Brannvesenet kan vente at dei kanskje må gjere jobb som helse har gjort tidlegare. Stoppe blødingar og bere pasientar til dømes.

    Mannskapet i brannvesenet ser ikkje negativt på dei nye arbeidsoppgåvene.

    – Samfunnet er i utvikling heile tida og naudetatane må forvente å tilpasse seg samfunnet. At det er komme ein felles prosedyre og at vi får samhandle den er veldig positivt, seier Berge.

    Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
    Første i Norge som har vektløfting som valgfag.