NRK Meny
Normal

Her øver lærlingane på marerittet

FØRDE (NRK): Deformerte bilvrak, farleg last, hardt skadde, bevistlause, omkomne eller krakilske personar. Det gjeld å halde hovudet kaldt når ein kjem først til ein ulukkesstad.

Katastrofeøving i Førde

SJÅ VIDEO: Rune Apneseth hos Opplæringskontoret for transport og logistikk meiner det er viktig at lærlingane får vite kva som er venta av dei på ein ulukkesstad. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Og det var nettopp dette 13 skandinaviske transportlærlingar og naudetatar øvde på i Førde i dag.

Tidlegare i veka hadde lærlingane om førstehjelp. No skulle det setjast ut i praksis. Med god hjelp frå ambulansefagarbeidarar ved Mo og Øyrane vgs.

– Det blir diverre øvd alt for lite på slike ting. Eg har opplevd å komme til ein ulukkesstad sjølv, og det er forferdeleg, seier dagleg leiar Rune Apneseth ved Opplæringskontoret for transport og logistikk.

– Skremmande

Det kan skje kven som helst og når som helst. Og ei ulukke er aldri lik den neste. Det å komme først til ein ulukkesstad er både krevjande og utfordrande. Det gjeld å halde hovudet kaldt.

Gå til forsiden

Internasjonal katastrofeøving i Førde

Transportlærlingar øver på ulukke

Internasjonal katastrofeøving i Førde

9 bilder

    Vilde Sæther (17) frå Hyen er inne i sitt første år som lærling hos Transferd. Draumen hennar er å sitje bak rattet på ein lastebil. Ho meiner dei fire «ulukkene» bak Concord-bygget på Øyrane var lærerike.

    – Kjem vi opp i noko slikt i verkelegheita, så er det greitt å ha litt erfaring. Sjølv om vi veit at dette ikkje skjer på ekte, så prøver vi å gjere det så realistisk som mogleg. Det er skremmande at vi kan møte på slikt, seier ho.

    Opplevd som fagpersonar

    I grupper kom lærlingane til «ulukkesstaden» og måtte varsle og handtere situasjonen til naudetatane kom fram. Sidan fleire av lærlingane kom frå Finland, Sverige og Danmark, føregjekk øvinga på engelsk. Noko som kunne by på utfordringar i kommunikasjon med naudetatane.

    Vilde Sæther (17) frå Hyen tykte det var ei nyttig øving for lærlingane.

    SJÅ VIDEO: Vilde Sæther starta i juli som lærling hos Transferd. Ho tykte øvingane var svært nyttige. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET)

    Apneseth meiner det er svært viktig at framtidige yrkessjåførar er budde på kva som kan møte, og kva som er venta av dei på ein ulukkesstad.

    – Eg trur at dei som køyrer vanleg personbil opplever yrkessjåførar som fagpersonar når dei kjem til ei bilulukke, og trekkjer seg vekk når det kjem ein sjåfør som har yrket sitt på vegen og som kan meir, seier han.

    Får ansvar

    Liknande øvingar kjem også til å bli skipa til i framtida. No er det Opplæringskontoret og Samarbeidsforum for Opplæringsvirksomheter innan Transport- og logistikkfag i Norge (SOTIN) som har ansvaret.

    Av praktiske omsyn kan ansvaret i framtida bli overført til Øyrane vidaregåande skule. Det blir først avgjort i april.

    – Det er slik i dei andre landa, at der er det skulane som har ansvaret. Her er det Opplæringskontoret, seier han.

    Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
    Første i Norge som har vektløfting som valgfag.