Hopp til innhold

Du kan ikkje alltid vente hjelp i tunnelbrann

FLORA (NRK): Visste du at det er ditt eige ansvar å komme deg i tryggleik om det byrjar å brenne i tunnelen - sjølv om brannmannskapet er på staden?

Brannøving i Sundafjelltunnelen

ØVING: Med både røyk og fleire markørar, vart det ei realistisk øving på storbrann i Sundafjelltunnelen i Flora.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Geir Sagevik

VIKTIG: Øvingsleiar Geir Sagevik seier bilistane sjølve har hovudansvaret for å komme seg ut av tunnelen om det byrjar å brenne.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Dette overraskar meg, seier bilist Torleif Hjermann frå Florø.

Men hovudprinnsippet i norsk brannberedskap ved alvorlege tunnelbrannar er nettopp sjølvhjelp.

Øva på sjølvhjelp

Og i går øva naudetatane på akkurat dette i Sundafjelltunnelen på riksveg 5 mellom Førde og Florø.

Redningsmannskapa gjekk nokre meter inn i tunnelen, og tok imot personane frå tunnelen.

Politi og markør under brannøving i Sundafjelltunnelen

ØVING: Politi og sminka markørar medverka i øvinga.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Sjølve prinsippet går ut på å få informasjon inn i tunnelen, anten gjennom 110, 112 eller 113, og få dei raskast ut til opninga. Det tek ei stund før naudetatane kjem til tunnelopninga, seier øvingsleiar Geir Sagevik.

Alvorlege brannar

Berre i Sogn og Fjordane har det på få år vore tre alvorlege tunnelbrannar. Til alt hell har ingen liv gått tapt.

Etter bussbrannen i Gudvangatunnelen i 2013 retta Havarikommisjonen kritikk fordi trafikantane ikkje vart bedne om å evakuere . Fem personar vart kritisk skadde.

– Vi har aldri noko garanti i utgangspunktet, og det er vanskeleg å seie om dette er godt nok. Men vi har informasjonsplikt som vi prøver å følgje heile tida, seier Sagevik.

Overraska

At bilistane i stor grad skal komme seg ut sjølve ved ein tunnelbrann, overraskar Hjermann frå Florø.

Brannøving i Sundafjelltunnelen

TOK I MOT: Naudetatane øva på sjølvhjelpprinsippet ved tunnelbrann, der mannskap på staden tok i mot personane som kom ut av tunnelen.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK
Torleif Hjermann

OVERRASKA: Torleif Hjermann visste ikkje at det er bilisten sitt ansvar å komme seg ut av tunnelen - sjølv om redningsmannskap er til stades.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Om eg er heilt åleine på vegen, og ingen andre der, så skjønar eg at eg må prøve å berge meg ut. Men når redningsmannskapet er framme, så har eg teke det for gitt at eg vart redda, seier han.

Eigen tryggleik

Sagevik oppmodar folk til å lytte til radio, og minner om at det i dei fleste tunnelane er FM-samband. Naudetatane kan også rettleie bilistar.

Øvingsleiaren seier det er omsynet til eigen tryggleik som gjer at brannmannskap ikkje alltid kan ta seg inn i tunnelen for å berge folk.

– Ser vi ikkje vegen eller moglegheit til å gå inn i ein tunnel på grunn av svart røyk, så kan vi ikkje gå inn uansett. Vi klarer ikkje å orientere oss og då finn vi heller ikkje folk der inne, seier han.

Påkjenning

Utstyr for å takle kraftig og til dels farleg røyk, treng heller ikkje vere løysinga.

– Sjølv om vi har luft der inne, så blir lufta brukt opp fordi tunnelen er så stor, seier han og legg til at det er ei psykisk påkjenning å stå på utsida av ein tunnel medan liv kan gå tapt på innsida.

– Vi kjem mange gonger i eit skvistilfelle der vi ikkje har sjanse til å rykke inn. Vi har hatt fleire hendingar der vi er mentalt budde på at det kan gå menneskeliv. Men vi kan ikkje setje våre eigne liv opp mot det, avsluttar han.