Hopp til innhold

Brannvesen satt på prøve

På Vassenden skule var det felles brannøving med Jølster Brannvesen. Øvinga sette alle på prøve.

Brann

RASKT FRAMME: Jølster Brannvesen kom raskt fram til Vassenden skule.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Det er tøft at det var ei meir realistisk brannøving, meiner skuleelev Madeleine Fagerli Støfringstøl.

Fagerli Støfringstøl og resten av 7. klasse på Vassenden skule visste nøyaktig kva dei skulle gjere då brannalarmen gjekk.

– Vi skal stille oss opp på rekke for at læraren skal telje oss. Så går vi ned på fotballbana, der får vi meir beskjed frå rektor.

Til vanleg har Vassenden skule to brannøvingar i året, men denne gongen var den av det meir uvanlege slaget.

– Elevane er vande med å evakuere, men ei øving der brannvesenet faktisk kjem har vi aldri hatt før. Tilsette på skulen skal få prøve ut rutinar, samt at brannvesenet skal få øve på gjennomsøking i vårt store skulebygg, fortel rektor Anne Cecilie Kapstad.

elev

BESTOD MED GLANS: Madeleine Fagerlie Støfringstøl visste nøyaktig kva ho skulle gjere då brannalarmen gjekk.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Både øving og alvor

Brannsjef

TØFF ØVING: Brannsjef i Jølster kommune, Tor Arild Segtnan, organiserte ei tøff øving.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Brannøvinga var eit samarbeid mellom Vassenden skule og Brannvernet i Jølster kommune, og skulle vere så likt eit ekte branntilfelle som mogleg.

– Det er forskjell på øving og alvor, men vi må prøve å vere mest mogleg nær alvoret og leve oss inn i rollene, fortel brannsjef i Jølster kommune, Tor Arild Segtnan.

Røykdykkarane i brannvesenet var tidleg ute med eit rutinesøk etter folk i skulebygget.

– Bygget er krevjande og uoversiktleg, noko som gjer jobben vanskelegare. At vi får moglegheita til denne øvinga er veldig viktig, meiner røykdykkar i Jølster Brannvesen, Vegard Johnsen.

Brann

RUTINESØK: Det var mange rom som måtte undersøkjast på Vassenden skule under rutinesøket.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Rom for feil

Sakna

FANN HO TIL SLUTT: Kristina Støfring var ein av dei sakna elevane under brannøvinga. Brannvesenet fann ho etter ein time.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Skulen skulle tømmast for elevar i det brannalarmen gjekk av, men fire elevar hadde fått eit hemmeleg oppdrag. Dei skulle ikkje evakuere, men halde seg i skulebygget for å vere sakna personar.

– Eg sat på rommet til helsesøstera i andre etasje. Der sat vi i ein time før nokon fann oss, så det var ei spennande oppleving, fortel elev Kristina Støfring.

Til trass for nokre feil, var brannsjefen i Jølster nøgd med gjennomkøyringa.

– Dette gjer vi for å bli betre. Vi får moglegheita til å gjere masse feil under heilt trygge forhold utan at det får konsekvensar.