Hopp til innhold

Her opnar fylkeTs fjerde 4H-gard

Bjørkehaugen gard i Fortun blir den fjerde 4H-garden i Sogn og Fjordane.

Torkjell og Bente Sollesnes

NY GARD: Ekteparet Torkjell og Bente Sollesnes har bygt opp Bjørkehaugen 4H-gard frå grunnen av.

Foto: Åge Avedal

Opninga vil finne stad laurdag 1. september. Bjørkehaugen 4H-gard ligg i Fortunsdalen i Luster kommune.

Bente og Torkjell Sollesnes, som driv garden, ser fram til opninga og gler seg til å ta imot mange besøkjande på den nye 4H-garden.

– Alle som vil, er velkomne på opninga! Her kan ein få ri på hest, sitje på hestevogna, leie geiter i band, gå dyreløypa og oppleve dei mange dyra på garden og berre nyte dagen, seier Sollesnes i ei pressemelding frå 4H Sogn og Fjordane.

Bygt opp frå grunnen

Garden vart i vår godkjent som den fjerde 4H-garden i Sogn og Fjordane. Ekteparet Sollesnes har bygt opp garden frå grunnen sidan dei flytta til Fortun frå Bergen i 1991.

Sidan dag ein har dei drive økologisk produksjon og frå 2004 starta paret «Inn på tunet»-verksemd med tilbod til ulike grupper og enkeltpersonar.

Bente Sollesnes ser fram til å få endå større aktivitet på garden i tida som kjem.

4H-gard i Fortun.

EIGNE HUS: Alle dyra på garden bur i kvar sitt hus, slik som denne vesle flokken med gjess.

Foto: Åge Avedal

– Ved å vere 4H-gard kan vi tilby positive aktivitetar for born og unge der dei får lære om landbruk, dyr og natur. Vi har mange ulike aktivitetar å tilby, også innan kunst og handverk, fortel Bente.

Byggjer naturmøteplass

Ektemannen fortel at paret er opptekne av å nytte alle ressursane på garden, og fortel at dei er så smått i gang med å lage naturmøteplass saman med lokale 4H-klubbar.

– Her skal vi lage grillhytte og legge til rette for mange ulike friluftsaktivitetar. Vi har òg tenkt å dekorere med utsmykkingar og kunst i naturen. Planen er å opne naturmøteplassen seint i haust eller til våren, seier han.