Hopp til innhold

Her opnar dei framtidas bossdunk

FØRDE (NRK): Konteinarane i det nye nedgrave returpunktet for restavfall, glas og metall er det første i landet som kan tømmast med vanlege renovasjonsbilar.

første nedgrave returpunkt i landet som kan tømmast med vanlege renovasjonsbilar

SJÅ DEMONSTRASJON AV TØMMING: Opning av pilotanlegget i Førde for glas, metall og restavfall.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi ville bruke vanlege konteinarar og få dei ned i bakken, seier rådgjevar i Sunnfjord Miljøverk Arne Øvrebø. Han står ute ved pilotanlegget på Festplassen i Førde og demonstrerer korleis avfallshandteringa fungerer.

Når ein skal levere avfallet puttar ein posen inn i ei innkastsøyle, som forsvinn ned i ein konteinar under bakken.

– Dette har mange fordeler, seier Øvrebø.

– Éin ting er at det ser finare ut når ein får samla opp avfallet under bakken. I tillegg hindrar slike ordningar vond lukt, spesielt om sommaren, sidan det er kjøligare under bakken.

Konteinarane kan tømmast av vanlege renovasjonsbilar, og ein treng dermed ikkje spesialbilar for å hente opp avfallet.

– Dermed sparer vi mange ekstraturar, seier han

Pilotanlegg for returpunkt

FØRST I LANDET: Pilotanlegget for returpunkt i Førde er det første i landet som kan tømmast med vanlege renovasjonsbilar. Frå venstre dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk, Håkon Grepstad, leiar i Hellenes as, Agnar Hellenes, prosjektleiar i Hellenes as, John Magne Oppedal og rådgjevar i Sunnfjord miljøverk, Arne Øvrebø.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Meir miljøvennleg

At ein kan bruke dei same bilane for å hente alle typar avfall, sparer miljøet for unødig utslepp, seier Håkon Grepstad, leiar i Sunnfjord miljøverk.

– Mange tenkjer at det viktigaste arbeidet skjer i avfallssorteringa i heimen. Og det er sjølvsagt også viktig, men alt avfallet skal jo transporterast vekk, og når vi no kan gjere dette med den same bilen, vil dette vere positivt for miljøet.

Pilotanlegget er utvikla av elektro-, automasjon- og mekanikk-firmaet Hellenes as.

– Dette er lokal verdiskapning, og det er positivt at vi kan arbeide i lag med miljøverket og finne løysingar saman, seier leiar i firmaet, Agnar Hellenes.