NRK Meny
Normal

Her opnar dei dyret for å sjå etter plast

Kvalen som enda sine dagar i fjæresteinane i Florø blei i dag spretta opp for å sjå kva som gøymte seg der inne.

Kval

SJEKKAR MAGEN FOR PLAST: Martin Malkenes (t.h.) og Kaia Moen (t.v.) i Florø opna opp kvalen for å sjå etter spor av plast.

Foto: ADALHEIDUR AUDARDOTTIR OLDEIDE / NRK

– Dette er ikkje eit vakkert syn, ei heller noko vakker lukt. Likevel så er det spanande å få vere med på noko sånt. Det er ikkje ofte ein får anledninga til å sjå inne i eit stort og dødt dyr, seier Martin Malkenes i Miljøpartiet dei grøne.

Dyret med tenner som var kutta av har skapt stor forvirring. Både med tanke på kva slags dyr dette eigentleg er, men og kva som er dødsårsaka.

I dag opna Flora kommune kadaveret for å få eit svar på kva som har skjedd og for å sjå om det var plast i magen til det store dyret.

– Vi gjer det grunna kvalen på Sotra som dei fann med magen full av plast. Då ville vi sjå om det kan vere på same måten her òg, seier Magne Igland, som er brannsjef i Flora kommune.

Kval

I FJÆRESTEINANE: Kvalen ligg i fjæresteinane ved Solheim i Florø.

Foto: ADALHEIDUR AUDARDOTTIR OLDEIDE / NRK

– Heldigvis fann vi ikkje det vi frykta.

Den sterke lukta av dødt dyr riv i nasen til dei som undersøker dyret.

– Heldigvis fann vi ikkje det vi frykta. Det ser ut til at dyret har fått ein skade på snuten som gjer at den ikkje har tatt til seg mat. Magesekken er tom. Ingen plast, seier Malkenes.

Kadaveret har vore død lenge før det hamna ved kystbyen. Det var tidlegare snakk om ein kvalross, men det er truleg snakk om eit anna havdyr. Forskarar ved Norsk Polarinstitutt meiner det kan vere ein tannkval eller spisskval.

No skal delar av dyret bli sendt vidare for undersøkingar.

– Vi skal bli kvitt denne lukta vi har fått i nasen, så skal vi sende inn prøver frå dyret for å avkrefte eller bekrefte det vi trur har skjedd, seier Malkenes.

Dødt dyr i Florø

STERK LUKT: Martin Malkenes (t.h) kunne melde om sterk lukt frå kadaveret.

Foto: ADALHEIDUR AUDARDOTTIR OLDEIDE / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune