Hopp til innhold

Boooom! Så var Vikafjellet opna

Ved hjelp av 50 kilo sprengstoff vart snøskredfaren ved Ygnesdalshamrane på Vikafjellet eliminert.

Her vert ein snøskavl sprengt vekk før vegen kunne opnast.

SPRENGING AV SNØ: Fleire kilo dynamitt måtte til for å få vekk snøskavlen. (Foto/redigering: Asbjørn Brekke/Marie Stafsnes Osland)

I dag tidleg kunne dei første bilane på fire dagar krysse fylkesgrensa til Hordaland på riksveg 13 over Vikafjellet.

Sprenging av snø på Vikafjellet

DYNAMITT: Her vert dynamitten plassert av skytebasen.

Foto: Asbjørn Brekke

– Entreprenøren ville vere sikker på at han fekk ned heile snøskavlen på første forsøk, så det gjekk med 50 kilo sprengstoff, fortel byggjeleiar Johann Njaastad hos Statens vegvesen.

Fjellovergangen vart natt til 26. mars stengd for 20. gang denne vinteren. Sidan har både snøskred og fare for nye snøskred frå den bratte fjellsida på nordsida av Skjelingavatnet halde vegen stengd.

På det meste har Vikafjellet vore stengt i seks samanhengande døgn denne vinteren.

Johann Njaastad

BYGGJELEIAR: Johann Njaastad i Statens vegvesen seier sprengin

Foto: Privat

– Etter skredet stod det att nokre skavlar i sleppområdet som vi ville ha ned. Søndag og måndag fekk vi ikkje gjort noko på grunn av uvêr, medan det tysdag var for dårleg sikt til å bruke sprengstoff, seier Njaastad.

Dermed gjekk salva av i dag tidleg.

– Sprenginga og ryddearbeidet gjekk som planlagt, så vi opna vegen klokka 09, seier Njaastad.