Hopp til innhold

Her omkom to gutar for 70 år sidan

Den 27. januar 1945 omkom to gutar i ei rasulukke på Håland i Høyanger. No 78 år gamle Gunnar Bergman overlevde ulukka, medan broren Per miste livet.

Håland i Høyanger

HER SKJEDDE DET: Raset som tok livet av to gutar gjekk eit stykke til høgre for gardstunet litt til høgre for midten av biletet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er noko eg aldri gløymer, bror min var eitt år yngre enn meg, og vi var saman i tjukt og tynt, seier Gunnar Bergman, som no er pensjonist og bur i Bergen.

Familien frå Bergen hadde flytta til Håland i Høyanger i pinsehelga 1941, for der rekna dei med at det skulle vere tryggare. Det var det også, heilt til denne januardagen i 1945.

Mellom to stabbesteinar

Gunnar og Per hadde vore nedover Hålandsvegen og leika saman med tre 12-åringar. Det hadde teke til å mørkne, mor deira hadde nettopp passert dei på veg heim frå Høyanger sentrum og bede dei kome heim for kvelden.

Men på vegen heim ville dei skli i ein bratt skråning over vegen.

– Det var veldig fin snø der. Men på vegen opp losna snøen over oss, og det vart eit ras. Plutseleg sat eg på kanten av eit flak, og så fekk eg beina under flaket, slik at eg vart skuvd på magen under snøen.

Då ferda stansa, greidde Gunnar å kave seg fram sjølv, han var då på nedsida av vegen, som han hadde passert mellom to stabbesteinar. Det same hadde skjedd med to av 12-åringane, alle tre var uskadde.

Under to meter snø

Men verre gjekk det med sju år gamle Per Bergman Olsen og 12 år gamle Olav Drægelid.

– Eg vart fortald i ettertid at Per vart funnen under nesten to meter snø i veggrøfta. Han hadde ikkje passert vegen, han hadde skia på seg. Den andre låg rundt ein stabbestein med kul i panna.

– Så du var heldig som kom mellom to stabbesteinar?

– Ja, alle vi tre som overlevde var heldige. Vi grov oss fram sjølve.

– Gav opp for tidleg

Gunnar Bergman og familien flytta tilbake til Bergen i desember 1945, og han har budd der sidan. Han arbeidde i trykkeriet til dåverande Bergens Arbeiderblad. No er han pensjonist og tenker ofte på denne januardagen for 70 år sidan. Han meiner broren og Olav Drægelid ville ha overlevd ulukka dersom folk på den tida hadde visst det vi veit i dag om førstehjelp.

– Dei vart tekne inn i eit hus, og det vart pakka ullteppe rundt dei. Men dei kunne ingenting om opplivingsforsøk den gongen.

Ein bonde med hest og slede fekk frakta dei to gutane til Høyanger sjukehus, men dei greidde ikkje å berge dei.

– Mor mi sa alltid at dei gav opp for tidleg på sjukehuset, seier Gunnar Bergman.