Hopp til innhold

Her nøyer heile russen seg med å vandre

Medan mange russ elles i landet køyrer i store bilar med pumpande stereoanlegg, nøyer russen i Høyanger seg med å ta beina fatt.

Medan mange russ elles i landet køyrer i store bilar med pumpande stereoanlegg, nøyer russen i Høyanger seg med å ta beina fatt.

SJÅ VIDEO: I Høyanger er det berre vandreruss.

I Høyanger i Sogn går heile russefeiringa føre seg utan russedoningane.

– Vi er glade for at russetida her hjå oss ikkje handlar om å skaffe bil og om alt pengestyret knytt til det, seier raudruss Talia Indrebø Mellebye.

Den vandrande russen vart først omtalt i Firda. Mellebye synest det har vore urovekkjande å sjå oppslag i media om ting som har hendt på russebussar, og er glad til for at bilkøyring ikkje inngår i Høyanger-russen sine feiringar. Men tryggleiks- og økonomispørsmåla er ikkje dei einaste grunnane til at dei har sløyfa russebil.

Samhald utan russebilar

– Russetida handlar om at alle skal vere samla og ha det kjekt saman før ein vert splitta, seier Mellebye, som synest det er meir sameinande for heile russegruppa at ingen har russebil.

Vandrerussen i Høyanger

KONTAKT: Vandrande russ kjem nær på folk og er svært populære blant dei som samlar russekort

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ho trur at der det er russebiltradisjonar kan det fort verte slik at dei som ikkje tek seg råd til å skaffe køyretøya kjenner seg utestengde frå russebilfellesskapa. Ho er glad for at russen i Høyanger alle er i same båt, uavhengig av kor mykje pengar dei har skrapa saman.

Russetida skal ikkje vere ei tid der statusjag og pengepress vert heldt for å vere det viktigaste. So eg er veldig glad for at vi tek vare på kvarandre her i Høyanger, seier Mellebye, før veninna Hanna Dåvøy Rørtveit skyt inn:

– Vi skal feire at vi har gått tre år på skule saman i tjukt og tynt, og at vi no er ved vegs ende.

Populær vandreruss

Vandrerussen deler ut russekort

RUSSEKORT: – Dette er noko av det som er kjekt med å vere vandreruss, fortel Mellebye

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Då NRK vandra saman med den vandrande russen i Høyanger, var vi vitne til kor populære russen var blant dei minste. I det dei gjekk forbi barneskulen vart dei storma av ein flokk born, som var ute etter å sikre seg dei ettertrakta russekorta.

– Dette er noko av det som er kjekt med å vere vandreruss, fortel Mellebye medan ho og dei andre russane deler ut alle russekorta dei har teke med seg i dag, og dei skulle teke med seg fleire!

Vandretradisjon

I Høyanger er det i år 21 avgangselevar ved studiespesialiseringslina, og 29 avgangselevar ved yrkesfag. Alle raud- og svartrussane nøyer seg med å vandre kringom i bygda i russetida, slik tradisjonen er i Høyanger.

Før om åra var det rett nok vanleg at russen leigde inn ein lastebil natt til 17. mai, men no er det mange år sidan dei har gjort det også. Dei nøyer seg med å berre vandre.

Vandrande russ i Høyanger

VANDRERUSSEN: Det er 50 avgangselevar i Høyanger og alle er vandreruss utan russebil.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK