NRK Meny
Normal

Her meiner Kupen det skulle vore raudt kort

FLORØ (NRK): – Eg vart halden, elles hadde eg vore åleine med keeper, seier Endre Kupen om episoden kring halvtimen ut i serieopninga mot Jerv.

Endre Kupen blir halden av Nils Petter Andersen

RAUDT: Endre Kupen (t.h.) meiner Nils Petter Andersen skulle hatt raudt kort for denne haldinga. – Eg likar best å vinne, men 1-1 er greitt. Det vart mykje Jerv, men dei kkom ikkje til så mange sjansar. Sjølve har vi meir å gå på, oppsummerer Kupen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Seljeværingen vart historisk med Florø si første scoring i 1. divisjon, men var likevel berre mellomnøgd med 1–1 mot gultrøyene frå Grimstad.

Så seint om i 2015 spelte Endre Kupen i 4. divisjon.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var utruleg herleg å få inn det første målet, og på den måten setje standarden for resten av sesongen. Eg hadde i tillegg ein stor sjanse som eg brende, og så episoden der eg vart halden. Det meiner eg er raudt, seier han like etter kampen.

– Ville vore strengt

Dommaren var ikkje samd med Kupen og gav Nils Petter Andersen gult kort for haldinga. Florø-trenar Terje Rognsø såg hendinga, men var ikkje like bastant som Kupen på at det var raudt kort.

Endre Kupen sytte for Florø si første scoring i 1. divisjon

MÅL: Endre Kupen si scoring etter fem minuttar sytte for Florø sitt aller første poeng i 1. divisjon.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Raudt kort hadde kanskje vore strengt. Dommaren klarte seg godt, seier han sympatisk.

Jerv-kaptein Glenn Andersen takka ein ung supporter for støtta etter kampen på Florø stadion.

TAKKA: Jerv-kaptein Glenn Andersen takkar ein ung supporter for støtta under serieopninga på Florø stadion. – Vi venta eit lag som kjempa med nebb og klør for å score mål. Det gjorde dei, og dei forsvara seg godt. Dei la ned ein veldig innsats, seier Andersen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Jerv-kaptein Glenn Andersen meiner det var fleire tvilsame situasjonar.

– Det er nok eit par straffesituasjonar dommaren bør sjå opp att på TV om han dømde rett. Eg meiner også at scoringa til Florø var offside, seier han.

Mange lokale namn

Florø stilte med ni spelarar frå fylket frå start, og respekten for motstandaren la dei att i garderoben. Etter fem minuttar noterte fjorårets toppscorar seg for sesongens første scoring.

– Eg trudde først at dommaren ville blåse for offside, men det gjorde han ikkje, gliser 26-åringen og forklarar:

– Det var eit innøvd frispark som ikkje fungerte. Christer Husa trefte ikkje der han skulle, så bomma Erlend Hove på ballen, men det vart ein fin pasning til meg. Det var berre å legge den i lengste.

Skuffa Jerv

Scoringa var ein reell kalddusj for Jerv, som i fjor var berre minuttar frå å ta steget opp i eliteserien.

Tobias Collett med sitt første mål for Jerv.

BERGA POENG: Innbyttar Tobias Collett berga Jerv frå ein elendig start på sesongen med si scoring kvarteret før slutt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Utover andre omgangen tok gjestene derimot meir og meir over. Innbytar Tobias Collett brukte eitt minutt på å sette inn si første scoring for gultrøyene.

– Vi er sjølvsagt skuffa over resultatet og veldig skuffa over spelet i første omgang. Vi er betre i andre omgang, men skapar lite, seier Andersen.

Mellomnøgd trenar

Terje Rognsø

MELLLOMNØGD: Terje Rognsø tykte det var greitt med 1-1 i serieopninga mot Jerv.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I Florø er trenar Rognsø samd i at Jerv hadde trykket etter kvilen. Florø-spelarane vart slitne og vart jagande mykje imellom. Rognsø tykkjer ikkje at laget var på toppnivå i dag.

– Men eitt poeng mot dette laget, som er av dei betre laga, skal vi ta med oss, seier han og avsluttar:

– Det blir nok mange slike kampar, og eg trur vi er på rett veg. Vi skal lære meir av det som skjedde i andre omgang. Vi er hissige når vi bryt, men har ikkje alltid hovudet med oss.

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.