Hopp til innhold

Her meiner bilisten at politiet unødig hindrar trafikken

– Trafikkfarleg, meiner Terje Styve. – Heilt etter boka, svarar UP-sjef Terje Oksnes.

Utrykkingspolitiet stogga bil på E39 ved Sunde

ALDRI SETT FØR: Terje Styve har sett mykje på vegane gjennom fleire år som yrkessjåfør, men meiner dette er første gang han ser politiet stogge bilar slik. – Eg har sjølv blitt stogga slik ein gong, men då stod både eg og politibilen utanfor vegen, seier han. Styve fanga situasjonen med eit såkalla dashcam.

Foto: Privat

– Det var nok av plass for politibilen å køyre heilt ut på busslommen. I staden stod den delvis inn i vegbana og aktivt var med på å skape eit farleg trafikkbilete.

Kraftsalva kjem frå Terje Styve frå Jølster som tysdag såg sivilt politi med blålys stogge ein bilist i 60-sona ved Farsund i Førde.

Stogga ved busslomme

Sjølv om § 2 Trafikkreglane fritek naudetatane frå reglane om naudsynt, meiner Styve at politiet bør strekkje seg langt for å følgje trafikkreglar som alle andre.

Styve viser mellom anna til Vegtrafikklova § 3 om at ein kvar skal ferdast utan å vere til unødig hinder eller forstyrring for anna trafikk, og § 17 i Trafikkreglane som mellom anna forbyr stogg i uoversiktleg kurve eller på ein bakketopp.

– Bilen vart stogga på ein bakketopp, like før ein uoversiktleg sving og ved eit vegkryss. Når det i tillegg er to meter klaring på innsida av politibilen, så forstår eg ikkje kvifor dei gjer det slik, seier Styve og legg til at tenestemennene heller ikkje hadde vest på seg.

– Heilt etter boka

Terje Oksnes, UP

ETTER BOKA: Ut frå biletet kan ikkje UP-sjef Terje Oksnes sjå at patruljen gjer noko gale.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

NRK viste biletet til distriktssjef i Utrykkingspolitiet på Vestlandet, Terje Oksnes. Han seier politiet alltid tenkjer helse-, miljø og tryggleik, både for seg sjølve og andre i trafikken.

Oksnes seier han ikkje kjenner patruljen sine vurderingar av situasjonen, men meiner ut frå bileta at dei handla etter boka.

– Politibilen er plassert slik for å beskytte politimannen som står ved den kontrollerte. Det er ingen problem med sikt vidare for dei som køyrer forbi, seier han.

– Forbipasserande må også vere varsame når det står ein bil slik med blålys på, legg Oksnes til.

Kunne blitt farleg

Styve, som har mange år som yrkessjåfør, meiner parkeringa til politiet kan skape farlege situasjonar om til dømes to møtande, fullasta, vogntog hadde kome forbi.

Slik bilane stod, meiner han også at krysset til byggefeltet auka faren for kollisjon.

– Hadde dei parkert på busstoppen med blålys på, og betjentane hadde hatt vestar, så hadde folk vist omsyn uansett. Det hadde ikkje stilt betjentane i fare på noko måte, samt at den andre påsketrafikken hadde fått gått uhindra, seier Styve.

– Det er greitt at dei gjer jobben sin, men eg håpar dei tenkjer tryggleik.

Forstår begge

Ut frå biletet tykkjer Audun Heggestad i Trygg Trafikk at det er vanskeleg å danne seg eit biletet av situasjonen.

– Sivilbilen har blålys på, og det gir den litt andre rettar enn andre. Og tenestemennene må verne seg sjølve når dei går fram og snakkar med føraren. Men eg har også forståing for bilisten som meiner politibilen burde stått lenger ute, seier han.