Hopp til innhold

Her må pasientane vente på vifter i 26 varmegrader

FØRDE (NRK): Den ekstreme varmebølga breier seg no også inn på sjukehuset i Førde. Pasientane må halde seg i ro og drikke mykje vatn medan gradestokken inne nærmar seg 30 grader på romma.

Lillian Fimland Sørheim og Eva Årdal

TAR VARMEN MED GODT HUMØR: Varmen merkast godt ved ortopedisk sengepost, men Lillian Fimland Sørheim og Eva Årdal finn måtar å kjøle seg ned på.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ute steikjer sola, men også inne på ortopedisk sengepost ved sentralsjukehuset i Førde er det høg temperatur.

På mobiltelefonen til avdelingsleiaren viser temperaturmålaren 26 grader på eitt av pasientromma.

– Vi vakna i dag tidleg, og i fem-sekstida kom sola inn. I sjutida i dag var det sikkert 30 grader, fortel Lillian Fimland Sørheim frå Florø, som er pasient ved avdelinga.

Korleis er det å ligge her i ein slik varme?

– Ein må ligge heilt i ro og drikke mykje vatn, ler ho.

Kjøper vifter

Også Eva Årdal som bur i Høyanger har funne måtar å handtere varmen på.

– Det går bra. Eg drikk mykje og får litt luft. Eg tenkjer på dei som jobbar i denne varmen, det er verre for dei.

Vekevis med strålande sol og varme gjer at fleire vêrstasjonar ligg an til å knuse varmerekordane for mai med fleire grader. Såpass varmt har det vore, at avdelingsleiar Helga Erdal Brenne torsdag morgon måtte ringe rundt til butikkar i Førde for å skaffe fleire vifter til pasientane. Fleire butikkar var utselde, men til slutt fekk ho skaffa seks eksemplar.

– Vi håpar at dei som ikkje har fått bordvifter allereie, skal få det. For dei synest det er varmt, seier Erdal Brenne.

Hjelpepleiar Nelly Høyvik seier alle pasientane kommenterer varmen.

– Men dei er forståingsfulle, og veit vi ikkje kan gjere noko med det utover desse viftene. Viftene vi har no går litt på omgang. Vi flyttar frå rom til rom, og gjer så godt vi kan.

– Ekstremt varmt

Men også dei sjølve kjenner på varmen. Jobbantrekket med helseuniform og tette sko, er ikkje spesielt svalande.

– Det er ekstremt varmt og til tider veldig utfordrande. Det renn av meg her eg står no. Men vi gjer så godt vi kan for å hjelpe pasientane likevel, fortel Høyvik.

At innetemperaturane på sjukehuset blir høge på solrike dagar er ei velkjent problemstilling, fortel Kjell Inge Solhaug, som er prosjektdirektør for utbygginga ved sjukehuset.

Sjukehuset var i si tid ført opp utan solskjerming, noko som ikkje er endra fordi bygget er freda. Det er tidlegare utført utskifting av vindauge utan at dette har gitt tilstrekkeleg effekt på dei varmaste dagane.

Utbetringar

Prosjektdirektøren seier dei er i kontakt med Riksantikvaren om moglegheitene for å gjere utbetringar på bygget, utan at løysingane er klare enno.

– Vi må løyse problemet. Kombinerte tilbake med kjøling og solskjerming er noko av det vi vil gjere ei vurdering av, seier han.

Enn så lenge ser pasientane fram til å få fleire vifter å kjøle seg ned med.

– Det er håp seinare i ettermiddag, smiler Lillian Fimland Sørheim.