Hopp til innhold

Her må helsestasjonen vike for ny fastlege

Sprengt legekapasitet over fleire år i Naustdal har gjort at kommunen no må tilsetje sin fjerde fastlege. Men for å få plass til dette må helsestasjonen flytte inn i brakker.

Naustdal sentrum sett frå andre sida av fjorden

STORE PLANAR I NAUSTDAL: Medan kommunen ventar på å få realisert eit Frisksenter som samlar helsetilboda må helsestasjonen finne seg i å vere plasserte i brakker for å gjere plass til ny fastlege.

Foto: Alf Vidar Snæland

Saka var i dag oppe i Naustdal kommunestyre som samrøystes gjekk for å tilsetje ein ny fastlege og dermed sende helsestasjonen i brakker.

Dette skjer samstundes som at kommunen planlegg å få på plass eit Frisksenter, eit kvartal som skal omfatte blant anna omsorgsbustader, legesenter og helsestasjon. Planen er at helsestasjonen skal vere i brakker, eller ein såkalla modul, fram til senteret står klart.

Sprengt kapasitet hos fastlegane

Øyvind Bang-Olsen

OPTIMIST: Rådmann Øyvind Bang-Olsen trur modulbygget vil fungere heilt greitt for helsestasjonen i eitt par år.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Kommunen som i dag har tre fastlegar har i fleire år hatt problem med sprengt kapasitet. I lange periodar dei to-tre siste åra har det vore umogleg for folk å skifte til desse legane. Difor var det no eit skrikande behov for ein ny fastlege.

– Det er med bakgrunn i at befolkninga veks og at vi tek imot flyktningar. Fastlegelistene er fulle, så vi meiner det er rett no å utvide kommunehelsetenesta, seier rådmann Øyvind Bang-Olsen.

I tillegg opplever kommunen at svært mange utanfor kommunegrensene vel fastlegane i Naustdal.

Har utsett saka i fleire år

I 2013 søkte kommunen om tilskot til å rekruttere ein ny fastlege, og fekk då 300.000 kroner. Desse er enno ikkje brukt, og planen no er at dei vil bli brukt til å betale leiga til modulbygget der helsestasjonen skal vere.

– Kvifor har det ikkje vore gjort noko tidlegare når kapasiteten har vore sprengt i fleire år?

– Denne tida har vi også planlagt dette med Frisksenteret der vi skal ha samlokaliserte helsetenester, og så har det vore utfordringar med å få budsjettet til å henge i hop, så det har gjort at dette har blitt litt utsett. Men no er vi berre nøydde til å gjere det, seier Bang-Olsen.

Trur løysinga vil vere tilfredsstillande

Men samstundes har det vore utfordringar med å finne plass til ein ny fastlege. Det har dei løyst ved at helsestasjonen skal inn i eit modulbygg.

– Vi oppfattar at det er eit positivt tiltak, men samstundes har vi ikkje nok areal på eksisterande helsesenter. Difor vert helsestasjonen plassert i ein modul som vi skal setje ved sidan av dagens legesenter, seier Bang-Olsen.

Rådmannen seier dette ikkje har fått protestar, og at han trur modulbygget vil vere tilfredsstillande i dei to åra dei har leigekontrakt. Håpet er at Frisksenteret skal stå klart til då. Førebels er planen byggestart hausten 2016.

– Vi skal jobbe med finansieringsplan, prosjektplan og reguleringsplan, så får vi sjå når vi klarar å realisere det, men vi håpar å legge fram ein plan det neste halvåret.

Kommunen skal lyse ut fastlegestillinga no snart, og håpar å ha ein ny lege raskt på plass.