NRK Meny
Normal

Her må du vente opptil tre timar

Svært dårleg vêr over Hemsedalsfjellet gjer at det no er innført kolonnekøyring med tre timar venting. Statens vegvesen torer ikkje seie noko om når neste kolonne kjem til å gå.

Borlaugkrysset, 16.Januar 2015

TRE TIMAR: Første kolonne er no køyrt, men det kan ta opp til tre timar før neste går over Hemsedalsfjellet her frå Borlaugkrysset i Lærdal.

Foto: webkamera, Statens vegvesen

– På Hemsedalsfjellet vert det no køyrt lang kolonne frå Borlaug til Storeskar. Så det vil seie at det går om lag tre timar mellom kollonnene, seier Jan Erikstad hjå vegtrafikksentralen i Lærdal.

Det er på grunn av mykje vind og nedbør at det på kort varsel vart innført kolonnekøyring på fjellovergangen på riksveg 52. Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt og vil ikkje bli opna i dag.

– Er det fare for at fjellet kan bli heilt stengt over Hemsedalsfjellet?

– Med dei meldingane som vi har no, så kan det fort skje ja, seier Erikstad.

Bør ha nok mat og drivstoff

På Filefjell er det førebels bra, men også her er det meldt ein del vind i løpet av kvelden.

– Så det kan fort bli kolonne der også når det lir på kvelden, opplyser Erikstad.

Han seier at reisande som skal over desse fjella bør ha i tankane at dei kan bli ståande i tre timar å vente.

– Då bør ein passe på å ha nok drivstoff på bilen, samt mat og drikke og varme klede, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.