NRK Meny
Normal

Dette er for dei som likar å ha det vondt

Symjeetappe på 1.9 kilometer, 98 kilometer sykling og 20 kilometer springing. Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon er ikkje for pyser ...

Over 270 deltakarar stilte på startstreken i verdas hardaste triatlon-konkurranse. Den går i Aurland.

SJÅ VIDEOEN: Startskotet går og 271 utøvarar kastar seg i Aurlandsfjorden. (FOTO: Jan Christian JERVING)

Laurdag kasta 271 utøvarar seg i Aurlandsfjorden då startskotet for det fjerde triatlonet i Aurland gjekk av stabelen. Berre seks utøvarar måtte bryte.

I underkant av sju timar seinare kom dei første utøvarane i mål.

– Du må like å ha det vondt. Det er eigentleg det det går i. Du må like å presse deg, seier Dag Torp-Hansen frå Oslo.

Måtte ta det roleg

Torp-Hansen kom i mål ti minuttar etter sigrande Marius Therkelsen (Porsgrunn). Sigerherren sprang inn til tida 06:39:10. 37 minuttar bak løyperekorden, og nær 40 minuttar føre beste lokale utøvar, Geir Nygård.

Kvinneklassa vart vunnen av Cathrine Claussen Mediaas (Trondheim). 08.00.35. 35 sekund frå å bli andre kvinne under åtte timer. Her vart Åslaug Golf Kårdal (Lærdal) beste lokale med tida 08:56:04.

(Artikkelen held fram under biletet)

Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon

VARSAMT: Om det er vått eller ikkje, kan det vere greitt å ikkje sleppe heilt laust i nedoverbakkane.

Foto: Jan Christian Jerving

Sjølv om Aurlandsfjorden var rekordvarm med sine 14 grader, vart det altså ingen ny løyperekord.

– Det skal noko til å presse tida noko meir enn det som er gjort. Tidene var noko dårlegare enn i fjor, men det regna på fjellet så på veg ned att mot Erdal måtte folk ta det meir roleg enn tidlegare, seier Michael Grandalsmoen i arrangørstaben.

4.000 høgdemeter

Løpet er ikkje for kven som helst. Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon vert i miljøet omtala som verdas hardaste triatlonkonkurranse. Utøvarane konkurrerer både i det våte element, til hjuls og til fots frå Aurland til Lærdal og opp Aurlandsdalen til Østerbø.

Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon

IDYLLISK: Naturen som omkrinsar løypa er idyllisk.

Foto: Jan Christian Jerving

Samla sett legg utøvarane bak seg kring 3000 høgdemeter på sykling, og over 1.000 på springing.

– Nokre er heilt i ørska når dei kjem i mål, medan andre er i heilt fin form. Så har vi desse skjortene som vi deler ut på tidene, så det er mykje glede og sorg. I tillegg blir det ein god del knall og fall, så det er litt blodige kne, seier Grandalsmoen.

Jubileum neste år

– Men folk er veldig nøgde, og vi tykkjer at dette er gøy så vi køyrer på. Neste år blir det femte året, og det skal markerast, legg han til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon

FULLBOOKA: I alt 301 hadde meldt seg på, men 30 stilte ikkje til start då startskotet gjekk. Berre seks utøvarar makta ikkje å fullføre blodslitet Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon.

Foto: Jan Christian Jerving/NRK

Torp-Hansen var også med i 2012, men stilte ikkje i fjor då han deltok på kraftprøva Norseman.

– Dette er ganske annleis. Syklinga er meir, og vel så tøff som i Norseman. Du har komprimerte bakkar og krevjande utforkøyringar, så du får aldri kvilt deg. Springinga er veldig tøff. I alle fall når du ikkje har sprunge særskilt i år, slik som meg, seier han.

Nær ti timar

– Det dukkar jo alltid opp nokre som er kjempegode symjarar og får ei fin luke, men som blir tekne att på syklinga. Det er litt gøy med triatlon, i og med at det er tre ulike øvingar, seier Grandalsmoen.

Årets arrangement gjekk føre seg utan dei store skadane, og då NRK.no snakka med arrangøren i 20-tida laurdag, venta dei framleis på dei ti siste utøvarane.

Då hadde dei vore i løypa i nær ti timar.

– Vi er veldig nøgde. I fjor hadde vi utøvarar frå 21 nasjonar, i år var det frå 15 nasjonar. Det er klart at det trigger utøvarar når ein får omtale i eit amerikansk triatlonmagasin som eitt av dei hardaste i verda uansett lengde, avsluttar Grandalsmoen.