Hopp til innhold

Her må du bu deg på ventetid

Trafikantar på riksveg 5 mellom Skei og Sogndal må dei neste vekene førebu seg på ventetid og kolonnekøyring i Bergstunnelen og Frudalstunnelen.

Frudalstunnelen på riksveg 5

VENTETID: Både ved Frudalstunnelen og Bergstunnelen blir det ventetid og kolonnekøyring dei neste vekene.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Årsaka er at dei to tunnelane mellom Fjærland og Sogndal skal få DAB/FM og naudnett.

– Arbeidet startar opp måndag 26. oktober, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Arbeidet skal i hovudsak gå på dagtid, men den første veka blir det jobbing i tunnelane nærmast heile døgnet.

– På dagtid kan det bli ventetid på 30 minutt, men frå 16:00 og fram til 01:00 kan det bli nødvendig med stengingar på inntil ein time.

Det er fordi det på kveld og natt skal sprengast ut nisjer inne i Frudalstunnelen, eit arbeid som krev stenging både i samband med sjølve sprenginga, og tid til sikring og opprydding før trafikken kan setjast på.

Arbeidet som krev stenging av tunnelane skal avsluttast i slutten av november. Då blir det pause i kolonnekøyringa fram til januar 2016, då elektroarbeidet skal i gang. Prosjektet skal stå ferdig 1. juli 2016.