Hopp til innhold

Her må du bu deg på ventetid

Skal du over Nordfjorden med ferja som går mellom Anda-Lote torsdag ettermiddag, må du bu deg på litt ekstra ventetid.

Ferjekø på Lote

KØ: Køen på Lote strekk seg torsdag ettermiddag eit godt stykke ut frå sjølve kaia.

Ferja som går på sambandet er ute av drift etter ei grunnberøring onsdag kveld, og ferja som er sett inn på sambandet torsdag har ein del mindre kapasitet.

Kommersiell leiar for sambandet i Fjord1, Terje Kristoffersen, seier til NRK.no at reserveferja køyrer ruta så raskt det let seg gjere.

I 16.30-tida er det lange køar på Lote, og folk NRK har snakka med seier dei bur seg på å stå over minst ei ferje.

– Køen går eit godt stykke opp gjennom bakken her, men vi er i ferd med å nærme oss kaia. Kaia som går her no tek ikkje så mange bilar i gongen, seier Tore Hjelle som ventar på å kome seg austover på helgetur.

Fjord1 håpar at ferja som vanlegvis trafikkerer sambandet skal vere i drift att i kveld.

Klokka 21.30 opplyser Fjord1 på sine heimesider at det vil vere normal drift på sambandet frå klokka 23.15 torsdag kveld.