Hopp til innhold

Her må du belage deg på venting

I dag startar Lerum Cup i Sogndal og det vil bety lange køar på ferjene når tusenvis av tilreisande inntek saftbygda.

Fodnes ferjekai - bilferja Lote

LANGE KØAR: I ettermiddag og utover kvelden må du rekne med noko venting for å krysse Sognefjorden frå Fodnes ferjekai i Sogn. Tilsvarande køar er venta på Mannheller på søndag, når fotballfolket vender nasen heim att etter Lerum Cup i helga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fjord1 opplyser at det kan bli opp mot ein time venting på Mannheller-Fodnes under det verste trykket i dag og på søndag.

– Lerum Cup er den tredje største fotballcupen i Norge, så noko venting blir det. Folk må ha tolmod og berekne god tid. Det er ekstremt stor trafikk denne helga, seier Christine Hammersvik, operativ leiar i Fjord1.

Tidlegare i dag vart ei av ferjene på sambandet innstilt grunna tekniske problem. Den kom i drift igjen klokka 12:40.

– Det blei litt meir kø enn vanleg tidlegare på dagen, men ferja kom i rute, så dei har klart å hente det inn igjen, seier Hammersvik.

Trass ventetida vil ikkje Fjord1 sette inn ekstra ferjer til å ta unna trykket. Men det er sett inn ekstra kaivakter til å dirigere trafikken.

– Dei vil passe på at dei som har venta lengst faktisk kjem med på neste tur. Vi er godt budde og har vore gjennom dette før, seier Hammersvik.