NRK Meny
Normal

«Eg kjenner på ei uro, men folk må ta eigne val»

NIGARDSBREEN (NRK): Kvar sommar blir tusenvis av turistar møtte av sperrekjettingar ved den populære breen på Vestlandet. Kunsten er å sette sperringane akkurat så nære at turistane unngår å sette seg i livsfare.

Steinar Bruheim og Anne Rudsengen gjer klar sperringane ved Nigardsbreen

SET OPP SPERRINGAR: Etter dødsulukka i 2014 vart sperretau bytta ut med sperrekjettingar. Her set Steinar Bruheim og Anne Rudsengen opp sperrekjettingane i passeleg avstand til breen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Anne Rudsengen (SNO) og Steinar Bruheim (dagleg leiar, Jostedal breførarlag)

TILSYN FLEIRE GONGER I VEKA: Anne Rudsengen i SNO og Steinar Bruheim i breførarlaget er blant dei som er på tilsyn for å sjå til at sperringane står slik dei skal. – Når vi kjem opp i området med gule vestar på oss, og folk er på andre sida av gjerdet, er dei raske med å hoppe over på rett side att, seier Rudsengen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Sperregjerda må stå slik at dei som står på rett side ikkje er i fare for å bli trefte av is eller steinsprang. Samtidig må sperringane stå så nære at folk ikkje kryssar dei, seier Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn (SNO).

Fredag var ho på plass for å sette opp sperrekjettingane og fareskilta før årets sesong. Hit, til den isblå brearmen i Luster, kjem det turistar frå heile verda kvart år. Mange kjem for å sjå noko dei aldri har sett før, og noko mange heller ikkje forstår kor farleg kan vere.

I 2014 omkom eit tysk ektepar då dei kryssa sperringane og stod under breen då den kalva. Dei to barna deira på åtte og ti år vart hjelpelause vitne.

Fareskilt ved Nigardsbreen

TILSYN MED DESSE: Saman med SNO, Luster kommune, politiet og Brevegen AS samarbeider breførarlaget om å halde tilsyn med sperringane. Etter dødsulukka i 2014 vart skilta og sperringane endå tydelegare.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Faren er at også andre følgjer etter

Sperregjerdet og fareskilta fortel tydeleg at dei besøkande må halde avstand til breen. Likevel opplever dei som held tilsyn med sperringane stadig at folk kryssar dei.

– Ein god del respekterer sperringane, men det er alltid nokon som skal forbi sperringane og heilt inn til isen. Faren er at også andre følgjer etter, fordi dei ser at andre har gjort det, seier Steinar Bruheim som er dagleg leiar i Jostedalen breførarlag.

Rudsengen seier folk har svært ulike forklaringar på kvifor dei har gått innanfor sperrekjettingane.

– Mange seier dei ikkje trur breen er i rørsle på denne tida av året, medan andre seier takk når vi forklarar om farane, men at dei berre skulle ta eit bilete.

I fjor oppdaga fjellførar Sigurd Noreide-Felde ei gruppe turistar som tok lunsj like ved nokre isblokker som truleg nettopp hadde ramla ned.

-– Det seier seg sjølv at du utset deg for ei tidsinnstilt bombe når du går blant isblokker som nett har kome ned i brefronten. Det er der det er størst aktivitet og det blir lettare utløyst på varme sommardagar, sa han til NRK den gong.

Turistar ved Nigardsbreen.

LIVSFARE: Dette biletet frå juli 2017 viser ei gruppe turistar som hadde gått heilt oppunder brefronten av Nigardsbreen. Berre nokre meter unna omkom eit tysk ektepar i 2014.

Foto: Sigurd Nordeide Felde

– Spurte om dei kom i fengsel

Dei som kryssar sperringane risikerer ingen form for straff. Då nokre spanske turistar fekk det fortalt, trassa dei åtvaringane.

– Eg møtte ein gong nokre spanske turistar som spurte om dei kom i fengsel. Nei, det gjer de ikkje, svara eg, og så gjekk dei over. Heldigvis er det sjeldan det skjer, seier Rudsengen.

Frå 2015 til 2017 har Nigardsbreen trekt seg over 100 meter tilbake. Sperregjerda som skal stoppe turistane frå å gå heilt oppunder brefonten har difor blitt flytta stadig lenger oppover svaberga.

– Om sperringane står 100 meter frå breen, så skjønner folk at dei kan gå lenger inn. Difor flyttar vi gjerda for kvart år, og også i løpet av sommaren når breen smeltar.

– Kjenner du på ei uro no før sesongen?

– Det er ei uro, men folk må ta eigne val. Dei aller fleste gjer det rette, og held seg på rett side.

Anne Rudsengen set opp eit fareskilt ved Nigardsbreen

ALLEMANNSRETTEN: Sperrekjettingane og fareskilta er meint som informasjon til turistane om farane. – Det blir aldri nok, då måtte vi ha hatt ein person der fast, og det har vi ingen som vil betale for, seier Anne Rudsengen i SNO.

Foto: Sondre Dalaker / NRK