Hopp til innhold

Her ligg arbeidsplassen til 70 sjøfolk i opplag

– Marknaden har aldri vore verre, konstaterer Idar Hillersøy i Siem Offshore. Reiarlaget har lagt to ankerhandteringsfartøy i opplag i Vågsøy.

Siem Emerald og Siem Pearl i opplag ved Bryggja.

OPPLAG: To av dei fem ankerhandteringsfartøya som Siem Offshore har lagt i opplag ligg til kai ved Bryggja i Vågsøy.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Tøffe tider i oljenæringa har ifølgje opplagsregisteret til maritime.no sendt 89 arbeidslause skip i olje- og servicenæringa til kai.

To av desse, Siem Emerald og Siem Pearl, ved Sibelco sitt kaianlegg ved Bryggja.

– Det er ein særs vanskeleg marknadssituasjon som gjer at vi ikkje klarer å halde oppe drifta av båtane. Av ti store ankerhandteringsfartøy har vi vald å leggje fem i opplag, seier administrerande direktør i Siem Offshore, Idar Andreas Hillersøy.

– Særs dramatisk

Siem Emerald og Siem Pearl i opplag ved Bryggja.

70 TILSETTE: Dei to båtane er arbeidsplassen til 70 tilsette i offshorereiarlaget.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Hillersøy har aldri sett verre tider. Oljeprisen er låg, riggar blir tekne ut av opplag og skip som går offshore står utan arbeid. Også oljerelaterte arbeidsplassar på land vert hardt råka.

Ein ny rapport konkluderte med at nedgangstidene kan gjere at så mange som 200.000 årsverk kan forsvinne i Norge fram mot 2020.

– Det er ein særs dramatisk situasjon og det ser ut til at det kan bli endå fleire utover vinteren. Vi trur ikkje at vi har sett ein verre marknad nokon gong, seier Hillersøy.

– Kjekt med aktivitet

Produksjonsdirektør Ove Soli hos Sibelco vil ikkje seie kor mykje dei tener på å ha dei første båtane på fem år liggande til kai. Men vedgår at han er glad for aktiviteten.

Anlegget vart tidlegare nytta som utskipingskai for Olivin på Bryggja. Gruvedrifta vart lagt ned i 2010. Det er førebels uvisst kor lenge Siem-båtane blir liggande i Vågsøy.

– Det er litt interessant å sjå at det skjer noko nede på kaien, der har det vore stilt i nokre år no. Det er ein måte å leige ut kaien og at det blir brukt til noko, seier Soli.

Ser ikkje teikn til betring

Hillersøy ser ikkje teikn til betring for oljenæringa. Verken på kort eller lang sikt.

– Nei, eg gjer eigentleg ikkje det. Ikkje for å vere for pessimist eller negativ, så trur eg 2016 blir endå verre enn 2015, seier han og legg til at han likevel trur og håpar at nedgangstidene vil snu.

Difor er Siem Offshore også opptekne av at dei får behalde mannskapa på båtane som ligg i opplag.

– Kvar båt har ei besetning på 35 personar, så det betyr 70 sjøfolk på desse båtane. Vi har prøvd å få til ei løysing med ein-to ordning. Det betyr lønnsreduksjon, men betyr også at dei beheld jobbane og vi beheld kompetansen. Om ikkje kan det bli vanskeleg å få att kompetansen når marknaden kjem opp att, seier han.