Hopp til innhold

Her leikar borna knapt éin meter frå tiuren...

Elevane ved Slåtten skule har dei to siste dagane hatt besøk av ein litt spesiell medelev ...

Created by InfoDispatcher

FRYKTLAUS: Tiuren let seg ikkje uroe av at ungane leikar i leikehuset, knapt ein liten meter nedanfor. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

– Vi har fått besøk av ein tiur. Han var her i går også, og så kom han att i dag, seier David Randal (10).

Elevane ved Slåtten skule i Førde strekkjer friminuttet litt ekstra i begge endar for å få med seg mest mogleg av den nye medeleven.

– Det var litt artig at han kom att i dag. Det er litt kult. Eg har aldri sett ein tiur før, fortel Aurora Furnes Degnepoll (8).

Lurer på kvifor han ikkje er redd

Då tiuren var på besøk tysdag heldt han seg på taket på eine skulebygningen. Men onsdag var han langt meir nærgåande, utan at nokon tykte det var plagsamt.

– Han sit her i leikestativet, og det er jo ikkje så langt opp til han, seier Randal.

Trass i at fleire hundre ungar susa rundt i fri flyt, såg ikkje tiuren til å late seg plage det minste av det.

– Han verkar ikkje redd i det heile, seier Randal.

– Det er litt rart, for fuglar pleier å reise når vi nærmar oss. Men denne tiuren berre står her. Eg veit ikkje kvifor, seier Degnepoll.

Men at den nye eleven er velkommen på skulen, er ungane klare på.

– Det er kult. Kanskje kjem han att i morgon også, seier Degnepoll.

Created by InfoDispatcher

Brukar tiuren i undervisninga

Rektor Turid Hatlem tykkjer det er stas at elevane hennar får sjå ein tiur på nært hald.

– Det var veldig spennande i går. Plutseleg såg vi at det sat ein stor fugl på eitt av taka våre. Han vart sitjande iallfall ein time før han flaug, seier Hatlem.

Rektor på Slåtten skule

ARTIG: - Det er kjekt at elevane våre får sjå ein så vakker fugl på nært hald, seier rektor ved Slåtten skule, Turid Hatlem.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ho trur lærarane nyttar sjansen til å undervise litt ekstra om storfugl, sidan dei er så heldige å ha eit eksemplar av arten på besøk.

– I første time var det mange av lærarane som tok med seg elevane sine ut slik at dei fekk sjå på han, seier Hatlem.

Kjem seg nok når vi kjem til mai

Seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking, John Atle Kålås, stadfestar at dette er noko som skjer kvart einaste år.

– Det er rett og slett ein liten feilkopling som hannane av og til opplever i speleperioden. Hannane vert litt rare og vert meir nærgåande enn vanleg, seier Kålås.

Tiuren vitjar Slåtten skule

UREDD: Trass i at ungane kryr på leikeplassen, held tiuren stand i toppen av leikehuset.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Han legg til at så lenge dei ikkje er aggressive, fører det sjeldan til problem.

– Det er ei fantastisk moglegheit til å få studere tiuren på nært hald. Når kalenderen nærmar seg mai, returnerer nok tiuren tilbake til skogen og oppfører seg på meir normalt vis, seier Kålås.