NRK Meny
Normal

Her legg dei planen som bergar finaledraumen

FØRDE - NTNUI 3-2 (NRK): I tre sett såg Førde på langt nær ut som noko vinnarlag. Eit kort lagleiarmøte skulle vise seg å få sving på sakene.

Jan Egil Tvinde, Vidar Vie og Mathias Loftesnes legg plan for korleis dei skal vinne semifinalen

AVGJERANDE: Eit kort rådslagingsmøte med Jan Egil Tvinde, Vidar Vie og Mathias Loftesnes viste seg å snu semifinalen mot NTNUI.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var ekkelt der ei stund, ja, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Jubelen har akkurat lagt seg, og spelarane kan pusta letta ut.

Lenge såg det ut for at NTNUI skulle vinne den første semifinalen i sluttspelet i eliteserien. Det var kritisk då det stod 2-1 etter tre sett i Gaularhallen. Trønderane hadde vunne det tredje settet heile 25-14.

– Eg skjønar ikkje kva som skjedde. Det svinga veldig. Var rusk i maskineriet, seier kaptein Mathias Loftesnes.

Gode råd var dyre - men dei funka

I pausen mellom det tredje og fjerde settet vart Loftesnes med trenarduoen Jan Egil Tvinde og Vidar Vie på eit kort rådslagingsmøte.

– Vi måtte diskutere strategien vår på nytt. Vi bestemte oss for å endre på nokre ting, seier Tvinde.

Han valde å starte med Loftesnes i ei oppstilling framme ved nettet. I tillegg sette han inn Andreas Dahl-Thorstensen som oppleggar for å styrke laget i blokk, og han let ein opplagt Vasile Afloarei få meir speletid.

Det var grep som skulle vise seg å snu kampen for heimelaget.

– Vi må kunne seie at det var eit godt planleggingsmøte på 38 sekund, ler trenaren.

Førde volleyballklubb slo NTNUI 3-2 i den første semifinalen i sluttspelet.

PÅ VEG MOT FINALE: Førde vann den første semifinalen mot NTNUI. Neste laurdag går returkampen i Trondheim. Førde er klare for siger dersom dei vinn. I motsett fall ventar ein tredje og avgjerande kamp på søndag.

Har tru på avansement til finalen

Førde har den siste tida vore på treningsleir på Kypros, utan at det var synleg frå start på kampen mot NTNUI. Trondheimslaget gjekk rett opp i 6-1 før Førde fekk summa seg.

Likevel greidde Førde å ta heim det første settet. Men så glapp både det andre og det tredje - før blåtrøyene fekk opp dampen for alvor. Då fekk NTNUI trøbbel med å henge med i svingane.

– Det svingar for mykje. Det kan kanskje ha noko med at det er ein månad sidan siste viktige kamp. Det var for svakt i dag, sjølv om vi tidvis spelar bra, seier Loftesnes.

Han er sikker på at Førde skal vise seg frå ei betre side i returkampen neste helg. Jan Egil Tvinde er samd.

– Om vi ikkje spelar på toppnivå, så tek dei sett frå oss. Men når vi er på vårt beste, så er dei ikkje gode nok til å slå oss, seier trenaren.

Mathias Loftesnes i mottak

VART FLYTTA: Mathias Loftesnes i mottak før Førde mot NTNUI.

Foto: Rune Fossum / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå