NRK Meny
Normal

Her landar kongen laks i Sogn

Kong Harald reiste rett frå si eiga 75-årsdagsfeiring til laksefiske i Årøyelva i Sogndal.

Her er Kongen i "Teddy-pool".

TEDDY-POOL: Kongen prøver fiskelukka ved «Teddy-Pool», men det var ved fiskehølen «White-Stone» at han skulle få to laks. Den eine sette han ut att.

Foto: Privat

Knut Munthe Olsen, som er grunneigar, er svært nøgd med at kongen valde å legge opninga av årets laksefiske til nettopp deira elv.

Slottet vil ikkje kommentere kongen sine private reiser.

– Han kom fredag 1. juni på kvelden, og vart til søndag ettermiddag. Vi var sjølvsagt nervøse for om det var laks eller ikkje i elva, så fredag morgon var eg ute for å teste lukka, fortel Munthe Olsen.

Seks-sju laks

Allereie etter ein halvtime hadde Munthe Olsen den første laksen på kroken.

Noko dårlegare gjekk det ikkje då kongen stilte seg ved elvebreidda, og brukte rikeleg tid i den eksklusive lakseelva.

– Han hadde seks eller sju laks på. Mista fire-fem, men fekk opp to. Den eine tok han med seg heim, og den andre sette han pent ut att. Så kongen tok også ansvar for å setje ut laks, fortel Munthe Olsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kong Harald fiskar laks i Årøyelva.

SETTE UT ATT: Kongen fekk to laks ved «White-Stone», men sette ut at den eine.

Foto: Privat

– Ein Årøysmolt?

Med ein laks på nær fem kilo rikare, reiste kongen attende til Oslo søndag. Den vart teken med floge i fiskehølen «White-Stone», også kalla «Apoteker Vest».

– Kongen fleipa med den, og lurte på om det var ein Årøysmolt. For elva er kjent for sin store laks, ler Munthe Olsen.

Så seint som i 2009 vart det teke laks på over 23 kilo i den korte og eksklusive Årøyelva.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knut Munthe Olsen

STOLT: Knut Munthe Olsen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Celebre gjester

Tradisjonen med sportsfiske etter laks og sjøaure skriv seg attende til 1840-åra, då velsituerte engelskmenn oppdaga Norge som eldorado for sportsfiske.

Gjennom åra har elva vore vertskap for prinsen av Wales, seinare Kong George den femte, tyske baronar, ein indisk maharaja, motedronninga Coco Chanel og hotellkongen Charles Ritz.

Munthe Olsen legg ikkje skjul på at besøket no i helga var stor stas.

– Ein blir stolt. Uansett kva forhold ein har til kongehuset, så tykkjer vi det er gøy når Kongen ynskjer å fiske her, seier han.