Hopp til innhold

Her dundrar elgkua og kalven ut i vegen - milevis unna der dei vanlegvis held til

Milevis frå næraste naturlege elgområde fekk bilistane hakeslepp då ei elgku og ein kalv skapte trafikkaos.

ARTIG SYN: Ei elgku og ein kalv kom plutseleg springande langs køen i Årøysvingane.

– Ungane trudde først det var hjort, men det viste seg jo fort at det var elg, ler Tor Erik Ones.

Han hadde akkurat komme frå Sogndal med lange køar for vegarbeid, då han tysdag måtte stoppe for ein ny kø i Årøysvingane på veg mot Hafslo. Ones tok fram telefonen for å ta bilete og klage sin naud på Snapchat då elgane plutseleg kom springande.

Det gjekk brått opp for han at trafikken ikkje hadde stoppa på grunn av vegarbeid – men eit langt sjeldnare fenomen. Han fekk filma elgkua og kalven som kom springande imot.

– Eg vart jo litt sjokkert, vedgår Ones overfor porten.no.

For medan det kryr av hjort i heile Sogn og Fjordane, er synet av elg i Sogndal og Luster meir sjeldan. Det stadfestar seniorrådgjevar Lars Grøteide i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Ku med kalv er eit uvanleg syn. Det er artig for dei som får sjå slikt, seier han.

Det er i fleire år observert elg i Luster, men ifølgje Sogn Avis usikkert om elgen har overvintra i området. Det er i dag to elgvald i kommunen.