Hopp til innhold

Her lagar dei 250 tonn lutefisk til norske juletallerkenar

På Stadlandet i Nordfjord har familieverksemda Per Stave travle tider med å få klar 250 tonn lutefisk til norske juletallerkenar, og 300 tonn tørrfisk som skal sendast til luting i Sverige og Finland.

Lutefisk i kar

VATNING: Fisken må vatnast både før og etter lutinga.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er no før jul det er marknad for å få seld lutefisk. Så den må bli klar i tide, seier Rune Stave som er dagleg leiar i Per Stave AS.

Rune Stave

TØRR: Rune Stave viser fram ferdig tørka torsk som skal bli lutefisk.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Lutefisk er ein av dei mest tradisjonsrike julerettane i Noreg. Tørrfisk er utgangspunktet, og etter bløyting, luting og ei ny vatning skal fisken pakkast og sendast til juletallerkenar i heile Noreg. Rune Stave seier at sjølve lutinga går fort, men at prosessen frå fisk i havet til lutefisk på bordet tar nesten eit år.

– Det som skal bli lutefisk kjøper vi inn på våren og sommaren, så tørkar vi det. Den første fisken fekk vi inn i februar. No har vi ståande rundt 70–80 kar med fisk til luting. Etter at lutinga er ferdig skal den vatnast ut. Prosessen tar rundt fjorten dagar.

– Ulike tradisjonar

Til saman skal det lagast til om lag 250 tonn fisk i vekene før jul. I tillegg skal 300 tonn tørrfisk eksporterast til Sverige og Finland. Rune Stave fortel at eksportfisken blir laga klart i destinasjonslanda.

– Dei lutar på sin eigen måte, det er ulike tradisjonar for korleis fisken skal tilverkast i dei tre landa. Lenge har det vore endå sterkare tradisjonar for lutefisk i Sverige, men i det siste har interessa vore dalande.

Ragnhild Stave

JULESTEMNING: Ragnhild Stave fortel at det gir julestemning å pakke lutefisk.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Familieverksemda Per Stave er ein av dei store lutefiskprodusentane i Noreg og har til saman ti tilsette. Ei av dei er Ragnhild Stave. Ho fortel at det å pakke lutefisken gir julestemning.

– Når fisken er så fin som no så får eg lyst på lutefisk. Det blir absolutt julestemning av det.