Hopp til innhold

Her laga russen litt for mykje støy i natt

Politiet måtte syte for natteroa etter bråk fleire stader natt til søndag.

Festplassen Førde Russ

MÅTTE ROE SEG: Søndag morgon står framleis nokre russebilar parkert på Festplassen i Førde. Førre natt fekk dei beskjed om å dempe seg etter klage om høg musikk.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Og det var ikkje berre russen som måtte dempe seg.

Det begynte med at dei næraste naboane til Festplassen i Førde klaga på høg musikk og støy frå russen som oppheldt seg der. Naboane fekk ikkje sove og politiet kom til staden.

Også i Florø vart naboar forstyrra av støy frå ei adresse i Botnaholten. Politiet reiste til staden, og dei fekk pålegg om å dempe seg.

Seinare fekk politiet melding om enda klage frå Florø. I eit hus på Havreneset spelte dei for høg musikk, og politiet kom og huseigar fekk pålegg om å dempe volumet slit at naboane fekk ro.