NRK-reporterane Simon Solheim og Malene Vilnes er denne veka ute for å teste ting dei ikkje kan.
Medan Simon har drøymt om å kunne fly heile livet, og har brukt uttallege timar framfor dataskjermen med flysimulatorspel, har Malene medfødd flyskrekk.
Dermed hadde dei ulike forventningar til flytime med instruktør Kristoffer Christensen i Fjordane Flyklubb då dei møtte opp på Bringeland i dag tidleg.
Gutedraum
– Eg gledar meg, dette blir konge! seier ein entusiastisk Simon, medan Malene er litt meir skeptisk og er redd for at frukosten vil komme i retur.
(Artikkelen held fram under biletet)
Simon fekk vere først i ilden og kom på vingene utan nevneverdige problem. Han føler sjølv at det gjekk veldig bra, og at take offen var av dei betre som er utført på Bringeland. Det skal seiast at han fekk hjelp.
Over Førde rapporterte han om god sikt og gutedraumen gjekk i oppfylling då han fekk styre spakane og svinge flyet for eiga hand.
Føretrekk fallskjerm
Malene sin beste flyopplevelse var då ho kunne hoppe ut i fallskjerm, ho likar seg med andre ord ikkje ombord.
Men i det ho får spakane i hendene og har pilot Kristoffer ved si side, må ho innrømme at ho har hatt det verre, sjølv om kvalmen er påtrengande.