Hopp til innhold

Her lærer dei å hesje

– Det er flott å få så mange frivillige med til å hjelpe med slåtten, då går det fortare unna, seier Aud Ross Solberg som er sjef ved De Heibergske samlinger.

Kristoffer Råum

GAMMALT, MEN NYTT: Christoffer Råum fekk prøve å hesje, sage og skrive med fjørpenn på slåttedagen til museet.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

11 frivillige og dei tilsette var ute og jobba då museet arrangerte slåttedag i går. Mange familiar var med og fekk sjå korleis ein hesjar og korleis ein slår med ljå.

– Vi meiner at det er viktig å ta vare på tradisjonar, teknikkar og kunnskap og formidle det vidare til vaksne og dei oppveksande generasjonane, seier Solberg.

Slik lærer du å hesje

TRADISJONSRIKT: – Å hesje er ukjent for mange i den oppveksande generasjonen, seier Aud Ross Solberg.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Mange av dei frivillige har drive med slåtten tidlegare, men fleire av barna har ikkje sett det før.

– For dei blir det heilt nytt. Vi har også ungdom som jobbar hos oss og som må lære seg desse teknikkane for å kunne formidle dei vidare, seier Solberg.

Aktivitetar for barn og unge

– Ungane kan køyre med hest og vogn, og vi har ein eventyrskog med oppgåver som dei kan svare på, seier Solberg.

I tillegg har dei ein stasjon med saging av ved og bæring av vatn. Kristoffer Råum er ein av dei som fekk prøve seg på både hesjing og saging.

Slik lærer du hesjing

EFFEKTIVT: Slåtten ved museet går raskare når dei frivillige hjelper til.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Det er bra tungt, men det går greitt. Eg har ikkje prøvd å hesje før, men det er spennande å gjere det på ein annan måte enn no til dags, seier han.

Tidlegare har han vore med å jobbe med traktor. Han synest det er kjekt å oppleve korleis folk hadde det i gamle dagar.

– Det må ha vore hardt. Dei hadde store marker, og det er klart at dei må ha drive på lenge for å få det i hus.